Solid helg i Kristiansand for NG15
NG15 leverte ei god turneringshelg i Kristiansand, med jamne kampar, mykje læring og fine steg i utviklinga. Utviklingsavdelinga
Under gode forhold på Sørlandet fekk Sogndal Nasjonal G15 testa seg mot sterk motstand gjennom fire kampar. Det enda med to sigrar og to tap, men viktigast var utviklinga i spelet.
– Me fekk verkeleg kjenne på nivået. Dette var gode kampar mot gode lag, og me ser at me tek steg, seier trenar Atle Undlien.
Laurdag opna laget mot KFUM (1–4), før dei slo tilbake med siger 5–3 mot Kongsvinger. Søndag heldt det fram med kamp mot HamKam (1–4), før helga vart avslutta med ein sterk 2–1-siger mot Sarpsborg.
Kampane gav laget høve til å jobbe med fleire delar av spelet, både med og utan ball. Intensiteten var høg, og spelarane stod godt i tøffe og jamne oppgjer.
– Me tek med oss mange gode erfaringar. Dette er kampar som utviklar både spelarar og lag, seier Undlien.
Turneringa vart også ei god oppleving utanfor bana. Strålande ver og ein samansveisa gjeng bidrog til ein vellukka tur.
– Slike helger betyr mykje for miljøet i gruppa. Me blir betre kjende og byggjer kultur i lag.
Sogndal takkar IK Start for ei godt gjennomført turnering.
Tropp:
Sondre Røysum Petty (Sogndal)
Thorvardur Jonsson (Måløy FK)
Henrik Breivik Øvstetun (IL Jotun)
Ulrik Syltesæter Hatteland (Førde IL)
Nikolai Svori Moe (Sogndal)
Aleksander Fardal (Sogndal)
Sigve Hove (IL Jotun)
Kevin André Mo (IL Syril)
Markus Sægrov Djupvik (Sandane T&IL)
Nikolai Alexander Vie Hansen Lekva (Førde IL)
Markus Flugheim (Sogndal)
Fredrik Heggestad (Sogndal)
Lucas Hollevik Brandsdal (IL Jotun)
Eirik Farestveit Østerbø (Førde IL)
Noah Leander Lauritzen Engesæter (Måløy FK)
Birk Sandal (Eid IL)