Solid siger mot Åsane!

Det vart 3-1 i dagens kamp

Det vart 3-1 og tre poeng til karane våre mot Åsane i dag.

Det var gjestene som opna skåringsballet, og det er av sine eigne ein skal ha det. Tomas Kristoffersen klinka ballen i nota for gjestene, som knapt hadde fått jubla ferdig før Akor utlikna. Det var 2-1 til pause, vårt andre mål kom ved eit sjølvmål.

Etter kvilen fortsatte karane og mala på, og det var heilt fortent då Sivert Mannsverk kunne sikra sigeren med skåring til 3-1.

Les om kampen i Sogn Avis





Daniel Eid drog i gang Ropet i dag.

Les om kampen i Porten



Me snakka med ein glad trenar etter kampslutt

Fyldig kampreferat på Firdaliven

Sogndal – Åsane 3–1 (2–1)

OBOS-ligaen, 8. serierunde, Fosshaugane Campus, søndag 27. juni
Mål: 0–1 Tomas Kristoffersen 20. min, 1–1 Jerome Akor Adams 21. min, 2–1 Sindre Austevoll 37. min (sjølvmål), 3–1 Sivert Mannsverk 90. min

Gule kort: Sivert Mannsverk, Martin Ove Roseth, Sogndal, Ryan Doghman, Håkon Lorentzen, Åsane

Domar: Stian Røvig Sletner, Rustad IL

Tilskodarar: 1162

Sogndal (3–4–3): Serigne Mbaye – Tord Salte, Eirik Lereng, Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Kristoffer Valsvik, Sivert Mannsverk (Johan Bakke frå 90.), Per-Egil Flo – Endre Kupen (Kristoffer Hoven frå 53.), Jerome Akor Adams (Noah Solskjær frå 90.), Andreas Hoven

Åsane (3–4–3): Mark Jensen (Thomas Hille frå 84.)– Eirik Wollen Steen (Martin Ueland frå 45.), Sindre Austevoll, Ryan Doghman – Erlend Larsen (Bjarte Haugsdal frå 46.), Tomas Kristoffersen (Didrik Fredriksen frå 66.), Simen Lassen, Stian Nygard (Ole Kallevåg frå 84.) – Håkon Lorentzen, Geir André Herrem, Joel Mugisha

Annonse fra Obos-ligaen: