Solid siger mot Grorud!

Det vart 4-0 og tre viktige poeng i kveld

Karane slo an tonen frå første spark då me møtte Grorud i den 14. serierunden på Fosshaugane Campus i kveld. Det vart til slutt 4-0, noko som ikkje var eit einaste mål for mykje.



Les om kampen i Sogn Avis

Me spelte oss fram til mange sjansar og det skulle gå 28 minutt før me fekk vårt første mål. Emanuel Grønner kunne enkelt breidsida inn til 1-0. Kristoffer Nessø trakk opp eit mål av det vakraste slaget fire minutt seinare då han limte ballen i krysset til 2-0. Då Emanuel var på rett plass i det 35. minuttet og auka til 3-0, såg dei færraste korleis laget frå Groruddalen skulle slå tilbake.

Les fyldig referat på Firdaliven

I andre omgang skjedde det mindre, og ikkje før i det 89. minuttet kunne Jónatan Jónsson fastsetja sluttresultatet til 4-0 og med det vart tre viktige poeng att i Saftbygda.

Les om kampen i Porten

Sogndal – Grorud: 4-0 (3-0)

OBOS-ligaen, 14. serierunde, Fosshaugane stadion, torsdag 11. juli

Mål: 1–0 Grønner (28), 2–0 Nessø (32), 3–0 Grønner (35), 4–0 Jonsson (89)

Gule kort: Kristensen, Meyer (Grorud), Kryger (Sogndal)

Domar: Jørgen Haugen (Kurland)

Tilskodarar: 1514

Sogndal (4-4-2): Renze Fij – Hördur Ingi Gunnarsson, Axel Kryger (Steinset frå 83.), Mansour Gueye (Lereng frå 61.), Andreas van der Spa – Jonatan Ingi Jonsson (Anders Nord frå 87.), Valdimar Thór Ingimundarson, Ulrik Mathisen (Mathias Blårud frå 83.), Sondre Ørjaseter (Andreas Hoven frå 74.) – Kristoffer Nessø og Emanuel Grønner (Kristoffer Hoven frå 75.)

Annonse fra Obos-ligaen: