Solid siger mot Ranheim!

Karane vann 3-1 og skal spela om opprykk i Oslo!


Det vart ein solid 3-1 siger i dagens kvalikkamp mot Ranheim!

Til tross for at me kom under med 0-1 etter 13 minutt, kunne me sjå frå første spark at karane verkeleg ville vinna denne kampen.

Det var difor fullt fortent at Endre Kupen utlikna til 1-1, og at Peter Michael skaut oss opp i leiinga etter et fantastisk angrep der Sivert Mannsverk sin pasning i forkant verkeleg fortel kva som bur i den karen. 

Eit stykke ut i 2. omgang vart Kupen bytta ut, og inn kom Akor, som har jobba hardt for å koma tilbake etter skaden sin. Han brukte berre tre minutt på å fastsetja sluttresultatet til 3-1!

Her er TV-bileta frå kampen


Les fyldig referat på Firdaliven

Me er med dette vidare i kvalifiseringa til Eliteserien! Den 28. desember klokka 17:00 skal me spela mot laget som endar på 14. plass i Eliteserien på Intility Arena i Oslo.

Kaptein Mannsverk og målskårar Kupen var glade karar etter kampen





Trenar Eirik Bakke var veldig stolt av karane sine då me snakka med han i pressesona.

Her er nokre bilete frå kampen, alle foto: Rune Sjøberg

Sogndal – Ranheim 3–1 (2–1)

Kvalifisering til Eliteserien, 3. kamp, Fosshaugane Campus, tysdag 22. desember

Mål: 0–1 Ivar Rønning 13. min, 1–1 Endre Kupen 25. min, 2–1 Peter Godly Michael 37. min, 3–1 Jerome Akor Adams 78. min

Gule kort: Tomas Totland, Jerome Akor Adams, Sogndal, Erik Valla Dønnem, Christian Eggen Rismark, Øyvind Alseth, Ranheim

Domar: Sivert Øksnes Amland, Fana IL

Tilskodarar: 600

Sogndal (3–4–3): Renze Fij – Axel Kryger, Igoh Ogbu, Eirik Lereng – Daniel Eid, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Tomas Totland – Alioune Ndour, Endre Kupen (Jerome Akor Adams frå 76.), Peter Godly Michael (Anders Nord frå 90.)

Ranheim (4–3–3): Even Barli – Torbjørn Heggem (Sondre Sørløkk frå 87.), Christian Eggen Rismark, Daniel Kvande, Robert Williams (Øyvind Alseth frå 46.) – Mads Reginiussen, Eirik Valla Dønnem (Jakob Tromsdal frå 64.), Adria Mateo Lopez (Magnus Blakstad frå 64.) – Vegard Erlien, Ivar Rønning (Michael Karlsen frå 75.), Erik Tønne

No skal karane få pusta litt i morgon og på julafta, men 1. juledag er det trening på Fosshaugane! 

Me e' med!!

Annonse fra Obos-ligaen: