Solid treningsleir for A-laget i Spania
A-laget til Sogndal Fotball har gjennomført ei innhaldsrik treningsleir i Spania, og tek med seg fleire positive svar vidare i oppkøyringa mot ny sesong. A-laget
Det to veker lange opphaldet i Spania har vore prega av høg intensitet på treningsfeltet og god stemning i spelargruppa. Laget har gjennomført fleire solide treningsøkter med fokus på både spelmodell og relasjonar, i tillegg til to treningskampar mot internasjonal motstand som gav godt utbytte.
Solid test mot Daejeon
Første treningskamp under opphaldet spelte Sogndal mot sørkoreanske Daejeon Hana Citizen FC, ein kamp som enda 1–1 etter ein solid gjennomført prestasjon frå sogndølene.
Spelarutviklar Patrik Karoliussen var nøgd med mykje av det laget viste.
– Laget stod godt i struktur, og med god kommunikasjon i og mellom ledda løyste me presset på ein solid måte. Det gav fleire gunstige brudd, og spesielt frå medium blokk skapte laget fleire gode sjansar. Me sleppte òg til lite i mot, og Daejeon fekk få avslutningar, noko som er eit steg i rett retning, seier Karoliussen.
Sogndal sitt mål kom etter eit flott forarbeid av Marius Årøy, som serverte Sebastian Pedersen åleine med keeper. Spissen var sikker og sette ballen kontant i mål. Kampen gav også publikum eit første møte med Atli Barkarson i Sogndal-drakta.
Sterk motstand frå Kryvbas
I den siste kampen på treningsleiren møtte Sogndal ukrainske Kryvbas. Kampen enda med 2–1-tap, men også her såg trenarteamet fleire positive utviklingstrekk.
– Det var ein god test mot sterk internasjonal motstand og gir oss ein viktig peikepinn på kvar me står. Defensivt framstår me solide og godt organiserte, med tydeleg kommunikasjon og eit kollektiv som reparerer for kvarandre, seier Karoliussen.
Sogndal sitt mål kom etter eit angrep med høg kvalitet då Even fann Martin sentralt, som spelte Oliver åleine gjennom. Avslutninga var sikker, og angrepet synte framgang i både tempo og presisjon.
Karoliussen peikar òg på progresjon samanlikna med den første kampen.
– Me ser utvikling, særleg i frispelingsfasen, der tempo, tryggleik og detaljkvalitet er betre. Atli markerte seg også i sin første kamp frå start med energi, offensive løp og gode innlegg, seier han.
Viktig samling før sesongen
Opphaldet i Spania har vore viktig for ei spelargruppe med fleire nye fjes. Både det sportslege arbeidet og relasjonane utanfor bana har fått eit løft, og klubben opplever betre rammer rundt A-laget enn tidlegare.
Klubben rettar også ei takk til Ivan Gomez, som har bidrege gjennom heile opphaldet og hjelpt laget med praktiske og sportslege behov.
Fredag vender laget heim att til Sogndal, og neste treningskamp ventar allereie neste veke. Laurdag 21. februar møter Sogndal Bjarg i Sognahallen, med avspark klokka 13.00.
Oppkøyringa held fram – og laget tek nye steg saman.
STAO NO PAO!