Søndagshelsing frå Rasmus

Her er nokre ord frå vår daglege leiar

Kjære fotballvener

Kvardagen er utfordrande for oss alle. Det handlar om å ha fokus på retningsliner gitt av helsemyndigheitene og å sikre arbeidsplassar etter at denne pandemien er over.

Me er heldige som bur i eit land som har god økonomi og tverrpolitisk vilje til å nytte den for å redde arbeidsplassar og viktige samfunnsopgåver.

Akkurat no må det vera fokuset. Akkurat no må det vera viktigare en fotball.

Men, Sogndal Fotball er sjølvsagt påverka av situasjonen. 45 tilsette er permitterte grunna bortfall av arbeidsoppgåver. Dette inkluderar ogso a-laget. Trenarar og støtteapparat er saman med spelarane i karantene. 

Det me styrer etter no, er at den organiserte fellestreninga skal starte oppatt i april medan seriefotballen skal rulle att i mai. Men me må vera førebudd på at dette kan verta endra.

Serie- og cupspel 2020 er ikkje avlyst, berre utsett. Fotball- Norge er i kontinuerleg dialog om korleis me skal forholda oss til situasjonen.

Sogndal Fotball ber om forståing for at me førebels ikkje har alle svara på spørsmål fra dykk. Men, det kan verta ein tett og spennande sesong i 2020. EM er avlyst, so me har fått fleire tilgjengelege kampdagar.

No er fotball og terminlista mindre viktig. Det viktigste er at kvar og ein av oss gjer det me kan for å unngå spreiing av Koronaviruset. Om me alle tek  dette på alvor, vil me raskare koma attende til kvardagen.

Ta vare på kvarandre og nytt tida med dine næraste.

Beste helsing

Rasmus Mo

Dagleg leiar

Annonse fra Obos-ligaen: