Sondre Holmlund Ørjasæter til Sarpsborg 08

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein overgang for Sondre Holmlund Ørjasæter

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein overgang for Sondre Holmlund Ørjasæter, f. 28.11.2003.

Sondre har teke OBOS-ligaen med storm, og no går vegen vidare til Eliteserien der han får fortsette utviklinga si. Etter å ha spelt for både Lyn og Korsvoll gjekk turen til Stryn i 2019. Her leverte han gode prestasjonar, og det vart fort klart at Stryn hadde eit stort talent i sine rekker. I Kretsligaen gjorde han livet surt for mange motstandarar, og viste at han var klar for å ta steget opp på eit høgare nivå. I januar 2022 signerte han si fyrste proffkontrakt med Sogndal Fotball, og tok turen til Saftbygda.

Har du fått med deg podkastepisoden med Sondre?

Ein imponerande debutsesong i OBOS-ligaen ga heile 30 kampar totalt i serie og cup. Her viste han seg fram med høgt tempo og driblingar som skapte problem for dei fleste forsvararar. Allereie i mai 2022 forlenga han avtalen sin ut 2024-sesongen, som sikra meir morro på Fosshaugadn. - Her i Sogndal har me det bra! Eg har det veldig gøy her, både på bana og elles. Gutta på laget har teke godt i mot meg, eg stortivast her, fortalte Sondre den gongen.

I 2023 fortsatte utviklinga til Sondre, og han leverte nok ein imponerande sesong. Antal målpoeng auka, og merksemda frå andre klubbar vart større. Han fekk også 4 kampar med flagget på brystet for U20- og U21-landslaget. No er det tid for å ta eit nytt steg i karriera, og Sarpsborg 08 og Eliteserien er neste stoppestad. Håvard Flo seier dette om overgangen:

- Sondre har levert gode prestasjonar over tid, og gjennom heile perioden i Sogndal. Spesielt 2023-sesongen vart eit gjennombrot og interessa frå andre klubbar vart større og større. Me skulle gjerne hatt med Sondre vidare, men han har også gitt uttrykk for å sjå seg om etter moglegheiter for å ta det neste steget. Då interessa materialiserte seg, og avtalen var økonomisk gunstig for klubben var det naturleg å selje.

Det har vore to fine sesongar med Sondre på Fosshaugadn. Han har bidrege til mykje god underhaldning, og vorte ein publikumsfavoritt. No takkar han for tida i Sogndal:

- Tida mi i Sogndal har vore lærerik og veldig morsom. Sjølv om me aldri fekk resultatet me ville ha så synes eg det var kjekt kvar dag med gutta og trenarane. Så vil eg gjerne ønskje dykk lukke til med denne sesongen. Eg har trua!

Me takkar Sondre for innsatsen og ønskjer han masse lukke til på vegen vidare!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: