Sosialtur på besøk til Leikanger skyttarlag!
A-laget har vore på besøk hjå Leikanger Skyttarlag A-laget
Onsdag denne veka reiste A-laget til Leikanger på besøk til Leikanger Skyttarlag. Her fekk dei prøva seg på baneskyting, og dei fekk læra meir om skytesporten.
Leikanger Skyttarlag vart stifta i 1876, og i dag består dei av like over 300 medlemmar. Dei tilbyr aktivitet for både ungdom, senior og veteran og held til i moderne og særs gode anlegg på Leikanger. Det er eit ope og inkluderande miljø og alle som ønskjer er velkomne.
Alle spelarane fekk rettleiing og gjennomførte prøveskot før det var tid for konkurranse. Skytebana var ein innandørsbane med 15 meters avstand til blinken. Etter prøveskota var det tid for ein konkurranse der alle fekk 10 skot kvar, og vinnaren var den med høgast poengsum totalt.
Regjerande skyttarkonge frå fjorårets besøk var fysisk ansvarleg Knut Ripe. Han har byrja i ny jobb på idrettssenteret og Kasper Lie har overteke rolla som fysisk ansvarleg i klubben. Då var det heller inga overrasking at den tidlegare skiskyttaren stakk av med pokalen og tittelen som skyttarkonge. Gratulerer til Kasper!
- Me har blitt tatt veldig godt i mot, og det vart eit flott opplegg. Tusen takk til flotte folk som tok vare på oss under besøket, fortel sportssjef Terje Skjeldestad.
På søndag møter me Lyn på heimebane, og me håpar at karadn har finstilt siktet. Kom på kamp!
STAO NO PAO!