Sparebanken Vest og Sogndal Fotball også i framtida
Einige om å halde fram samarbeidet i fire nye år
Sparebank Vest og Sogndal Fotball er einige om å halde fram samarbeidet i fire nye år. Dermed vert Sparebanken Vest Sogndal sin generalsponsor også i åra 2022 til ut 2025.
Sparebanken Vest ved administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth seier at banken er oppteken av å ha langsiktig samarbeid med partnarane sine.
Me håpar å bidra til at Sogndal kjem seg attende til eliteserien i løpet av avtaleperioden og me er imponert over klubbens pågangsmot og vilje til utvikling, seier Kjerpeseth.
Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo, er veldig glad.
- Sogndal Fotball er heilt avhengig av eit levande næringsliv for å lukkast. Med denne signeringa viser Sparebanken Vest at dei har tru på vår visjon om å skapa ein god utviklingsarena for unge fotballspelarar, seier Mo.
Stao no pao!!