Cappelen

Spennande jobb for Tor-Magnus Cappelen

Tor-Magnus går frå utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball til spennande jobb på austlandet

Tor-Magnus Cappelen er student, og har det siste året jobba i utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball. Han byrja som trenar i akademiet før han seinare vart fysisk trenar for dei nasjonale laga våre. No er han tilsett som fysisk trenar ved Oslo idrettssenter og ønskjer å takka Sogndal Fotball for moglegheita.

Korleis kom du til Sogndal?

- Eg er hovudsakeleg student ved HVL, men har også fått jobba litt for Sogndal Fotball. Eg fekk kome inn i systemet via Martin Natvig, som var akademileiar i fjor. I byrjinga jobba eg i akademiet før eg vart teke inn i utviklingsavdelinga som fysisk trenar for dei nasjonale laga.

Tor-Magnus har ein master i fysisk prestasjonsevne, og har vore ein kunnskapsrik ressurs å ha i utviklingsavdelinga. Som ein del av satsinga på unge, lokale talent er den fysiske treninga viktig. Med Tor-Magnus i teamet har spelarane fått tett oppfølgjing og nyttig hjelp i kvardagen.

Fortel om den ny jobben

- Eg er tilsett som fysisk trenar ved Oslo idrettssenter. Der får eg moglegheita til å fortsette å jobbe som fysisk trenar innanfor ulike idrettar. Dette er eit idrettssenter der klubbar melder seg inn for å få tilgang til fysiske trenarar. Nokre beskriv det som "Olympiatoppen light", og det fungerer litt på same måte.

Korleis har tida i Sogndal vore?

- Den har vore veldig fin, og ikkje minst lærerik. Eg føler at eg har vorte tatt inn i varmen sjølv om eg ikkje har vore her så lenge. Det har vore kjekt å få sjå korleis ein så stor klubb jobbar i det daglege. Eg kjem nok til å savne å jobbe med fotballen, men gler meg veldig til å jobbe som fysisk trenar på fulltid. Eg håpar eg har bidrege til å sette fokus på å auka kvaliteten i den fysiske treninga i utviklingsavdelinga.

- Eg må få takke Sogndal Fotball for at dei har teke meg under vinga si, og gjeve meg denne moglegheita, legg han til.

Me ønskjer Tor-Magnus masse lukke til i ny jobb, og takkar han for innsatsen her i Sogndal! Han held fram i jobben ut mai månad.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: