Spennande kveld i vente

UEFA Youth League: Sogndal - FC Sheriff, i morgon klokka 18:00

I morgon er det duka for årets aller siste kamp på Fosshaugane. Me er klare for returkamp i UEFA Youth League: Sogndal - FC Sheriff.

Sheriff kom frå Moldova i går og har i dag testa ut kunstgraset på Fosshaugane.

Det vart eit brutalt møte med austeuropeisk fotball for karane våre då me møtte Sheriff i Tiraspol. No er me heime, og får me hjelp frå vår tolvte mann på tribuna, skal me klare denne oppgåva. Det er å vinna, med eindel mål!

Sheriff vann 2-0 i Tiraspol. Med 3-0 er me vidare, eller 4-1, 5-2. Me må kort sagt vinna med tre mål. Er det 2-0 etter ekstraomganger, blir det straffesparkkonkurranse.

- Dette er ei fin utfordring for denne gjengen, seier trenar Nils Tore Krosshaug.

- Me har ein god sjanse, og me må skåra to eller fleire, me må berre tørra å gå for det. Gutane må vera offensive i hovudet, seier Krossen, som håpar på støtte frå publikum.

- Rammen rundt denne kampen blir viktig. Me såg det mot Honka, korleis stemningen på stadion løfta gutane opp på det beste nivået, og gav oss ekstra energi. Det var ekstremt viktig at gutane merka at publikum var med dei i den kampen, me håpar på det same trøkket i morgon, fortel Krossen.

Så kom på kamp! Dette er ein kamp for historiebøkene. Går me vidare, får me heimekamp mot eit europeisk storlag i februar, og det er jo litt av ein bonus!

Kjøp kampbilletten her 

Litt info om billettane:
Kun Sognekraft-tribuna og Lerum-tribuna open til denne kampen
Billettpris:
Kr. 100,- på Sognekraft-tribuna (gjeld både barn og vaksne)
Kr. 50,- Felt P og Q på Lerum-tribuna (gjeld både barn og vaksne)

UEFA Youth League, 2. runde - kamp 2
Sogndal - FC Sheriff
Fosshaugane Campus
Onsdag 27/11 klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: