Spennande moglegheit i Sogndal Fotball
Sogndal Fotball søkjer ein engasjert fysioterapeut, manuellterapeut eller fagperson med tilsvarande kompetanse til apparatet rundt A-laget. A-laget
Sogndal Fotball er ein ambisiøs toppfotballklubb med lange tradisjonar i norsk fotball og eit sterkt fokus på utvikling – både på og utanfor bana. Klubben har base på Fosshaugane Campus, eit moderne og unikt idretts- og kompetansemiljø der toppidrett, utdanning og forsking møtest i kvardagen.
No søkjer me ein engasjert fysioterapeut, manuellterapeut eller fagperson med tilsvarande kompetanse til apparatet rundt A-laget.
Stillinga er godt innarbeidd, og du blir ein del av Performance-avdelinga rundt A-laget, saman med Head of Performance og ein annan ressurs. Arbeidskvardagen er variert og omfattar både planlegging, behandling og tett oppfølging av spelarar – i treningskvardag, på treningsleir og i kamp.
Kvifor Sogndal Fotball?
Hjå oss får du:
- Arbeide tett på toppfotball i eit profesjonelt og utviklingsretta miljø
- Vere ein del av Performance-avdelinga rundt A-laget
- Ansvar for spelarar på topp nasjonalt nivå, også knytt til landslag
- Moderne fasilitetar og topp behandlingsrom
- Moglegheit for fagleg utvikling og deltaking på toppidrettsseminar
Arbeidsoppgåver
- Dagleg behandling og oppfølging av spelarar
- Planlegging og gjennomføring av førebyggande skadearbeid
- Tett samarbeid med Head of Performance og resten av støtteapparatet
- Deltaking i treningskvardag, treningsleir og kampar
- Sørgje for henvisingar og koordinering med anna medisinsk personell og klinikkar
- Planleggings- og koordineringsarbeid, inkludert budsjett
- Deltaking på relevante toppidrettsseminar som Sogndal Fotball sin representant
Me ser etter deg som
- Er utdanna fysioterapeut, manuellterapeut eller har tilsvarande kompetanse
- Har erfaring frå idrettsmedisin og/eller toppidrett (ein fordel)
- Jobbar strukturert og dokumenterer godt
- Har gode samarbeidsevner og held roen i pressa situasjonar
- Beherskar norsk eller skandinavisk, og gjerne engelsk
- Ønskjer å engasjere deg i eit lag med høge ambisjonar
Me tilbyr
- Ein spennande kvardag i ein toppfotballklubb
- Sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter
- Moderne trenings- og behandlingsfasilitetar, godt utstyrt treningssenter
- Gode vilkår og moglegheit for etablering av eigen privat praksis i tilknyting til Campus Helse
- Arbeidsplass i eit aktivt lokalsamfunn med rike fritidsmoglegheiter
Det viktigaste for oss er å finne rett person. Oppstart kan avtalast – me ventar gjerne på deg.
Høyrest dette spennande ut?
Då vil me gjerne høyre frå deg!
Søknad sendast til: [email protected]
Søknadsfrist: 6. februar 2026 (søknader vurderast fortløpande)
Spørsmål? Ta kontakt med sportssjef Terje Skjeldestad – mobil 468 45 239.
STAO NO PAO!