Spennande sunnmøring signert

Daniel Eid kjem frå Hødd

Sogndal Fotball og IL Hødd Fotball er samde om ein overgang for forsvarsspelaren Daniel Eid (f. 14. oktober 1998). Daniel har signert ein kontrakt med Sogndal som strekkjer seg ut sesongen 2022.

- Eg blei teken veldig godt i mot då eg var her på treningsbesøk i haust, og no er eg veldig glad for å vera tilbake på permanent basis, fortel Daniel etter dagens trening.

Daniel gler seg til å spela kampar i kvitedrakta
Daniel gler seg til å spela kampar i kvitedrakta

- Folka i klubben og dei gode fasilitetane gjorde valet veldig lett då Sogndal ville ha meg ned att, det er ein kjempespennande klubb, seier mannen som fleire andre klubbar i både OBOS-ligaen og Eliteserien har snust på.

Daniel er sonen til fotballtrenaren Sindre Eid, og han har gått gradene i Hødd. Tilsaman har han spelt 70 offisielle kampar i den blå trøya, og han har skåra tre mål.

Trenar Eirik Bakke fortel at klubben har vore interessert i Daniel over tid, han er veldig glad for å ha sunnmøringen på plass.

- Daniel kjem inn med humør, mykje trøkk og stor treningsiver. Han har gode verdiar og passar godt inn her hjå oss, seier Bakke.

Det er ein kar med ambisjonar som har flytta nokre mil sørover.

- Eg håpar å spele meg inn i laget slik at eg får mykje speletid og utviklar meg som fotballspelar, og eg vil vera med å bidra slik at Sogndal vinn mange fotballkampar, seier Daniel når me snakkar om ambisjonane hans i kvitedrakta.

- Med Daniel får me inn ein vinnarskalle som alltid gir 100 prosent, seier Bakke. 

Me ser fram til fine stunder i lag med denne sympatiske karen! Velkomen til Sogndal, Daniel!

Annonse fra Obos-ligaen: