Spennande trio signert

Tre lokale fylkesspelarar får proffkontrakt

Sogndal Fotball har signert tre spennande, lokale karar på proffkontrakt.

- Me er utruleg glade for at me har fått på plass tre unge og ambisiøse gutar, seier Håvard Flo.

- Alle tre er fylkesspelarar som kjem frå flotte klubbar og gode utviklingsmiljø, held Flo fram.

Erik Hovden Flataker (f. 26/12-04) og Sogndal Fotball har signert ein avtale som strekkjer seg fram til og med 31/12 2024. Erik har vore med rundt A-laget ein del i fjor, og er kjent med gruppa allereie. Spissen frå Måløy har spelt for Skavøypoll, Tornado og Måløy, og står med åtte kampar for Sogndal 2. I fjor debuterte han på G17-landslaget, der han står bokført med fire kampar og to mål.

Erik Hovden Flataker
Erik Hovden Flataker

Kristoffer Haukås Steinset (f. 15/9 2005) og Sogndal Fotball har signert ein avtale som strekkjer seg fram til og med 31/12 2024. Midtbanespelaren er ein ekte Florøgut som har spelt for klubben på Palmekysten sidan han tok på seg fotballskoa. I fjor spelte han 15 A-kampar, og han fekk debuten på G16-landslaget, der han står med fem kampar med flagget på brystet.

Kristoffer Haukås Steinset
Kristoffer Haukås Steinset

Sondre Holmlund Ørjasæter (f. 28/11 2003) og Sogndal Fotball har signert ein avtale som strekkjer seg fram til og med 31/12 2024. Sondre er en rask kantspelar med fortid i den tradisjonsrike Oslo-klubben Lyn. Etter at han kom til Stryn, har han vore nede hjå oss på litt hospitering, og i fjor spelte han 8 kampar for Stryn sitt A-lag i Kretsligaen.

Sondre Holmlund Ørjasæter
Sondre Holmlund Ørjasæter

Me ønskjer aller tre velkomen til Sogndal!

Annonse fra Obos-ligaen: