I morgon kjem speleplanen!

Terminlista blir offentleg klokka 12:00 onsdag, og det kan du sjå direkte på Eurosport

Ein ny sesong nærmar seg og på onsdag blir det klart kven som møter kven i serieåpninga. Tradisjonen tru vil Eurosport dedikera ein eigen livesending til terminlista, og i år har dei fått med seg den nye landslagssjefen, Ståle Solbakken.

Me er veldig nøgde med at landslagssjef Ståle Solbakken har takkea ja til å bli med på sendinga. Det blir interessant å høyra hans tankar rundt vår øverste liga, og kor mange spelarar som er aktuelle for A-landslaget i tida framover. . 

— Programleiar for sendinga, Anne Sturød

Sendinga kan sjåast på eurosport.no og discovery+.

I tillegg til Ståle Solbakken, vil trenarar og leiarar for alle Eliteserieklubbane vera med i sendinga som leiast av Anne Sturød. Med seg har ho fotballekspert i Eurosport Tor Ole Skullerud og fotballekspert i NRK Carl Erik Torp. 

Under sendinga vil terminlistene for Eliteserien, OBOS-ligaen, PostNord-ligaen og Toppserien presenterast.

Annonse fra Obos-ligaen: