Sponsorfrukost før sesongstart

Inn mot sesongens første heimekamp samla Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer mange av sine samarbeidspartnarar til årets første sponsorfrukost på Fosshaugane Campus.

Rundt 60 deltakarar møtte til ein inspirerande morgon med frukost, mingling og fagleg påfyll onsdag 8. april i Svingen-bygget på Fosshaugane Campus.

Programmet baud på fleire aktuelle innlegg. Yngve Hallén tok deltakarane gjennom historia og utviklinga av Fosshaugane, og peika på korleis Fosshaugane Campus har bidrege til samfunnsutviklinga: – Det har gått opp og ned sportsleg, men det store biletet er at utviklinga alltid har gått oppover.

Vidare delte Veidekke innsikt i utviklinga av det nye Svingen-bygget, som er prosjektert med fokus på berekraft, miljø og energieffektive løysingar. Eit viktig løft for Fosshaugane Campus.

Møteplassen vart runda av med status frå hovudtrenarane i begge klubbane, som delte forventningar til sesongen. Luis Pimenta var mellom anna innom korleis laget skal reise seg etter 0–4 i serieopninga.

Annonse fra Obos-ligaen: