Sponsorfrukost saman med Sogndal FK Damer!

I dag arrangerte me sponsorfrukost saman med Sogndal FK Damer og våre gode samarbeidspartnarar!

Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer arrangerte i dag sponsorfrukost for våre samarbeidspartnarar. Dette er ein flott arena for gode samtalar og relasjonsbygging på tvers av og med bedriftene so støttar oss.

Dagen byrja i Skraol Pub med informasjon frå konstituert dagleg leiar Rasmus Mo. Etter ein fin seanse i puben gjekk turen vidare til Høgskulekantina på Fosshaugane Campus.

I Høgskulekantina venta det god frukost for alle deltakarane. Her fekk ein også innslag frå Geir Øygard hjå Sirkla Ressurs, styreleiar Tone Bakke og trenar Martin Natvig frå Sogndal FK Damer, før A-laget ved Terje Skjeldestad og Tore André Flo avslutta.

I dag fekk bedriftene som kom to eller fleire i oppgåve om å ikkje sette seg i lag. Me håpar at det gav gode samtalar og kanskje eit samarbeid mellom ulike partnarar starta akkurat i dag.

Tusen takk til alle som kom, og me gler oss allereie til fleire arrangement utover i sesongen. Sjå bilete frå arrangementet nederst i saka!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: