Start - Sogndal

Sør Arena - Avspark klokka 18:00

Karane våre har reist til Sørlandet. I dag skal me spela mot Start på Sør Arena. Me var der i fjor óg, Då vart det 1-1, under ser du TV-bileta frå det oppgjeret.



I skikkeleg sørlandsvêr vart det ein spennande kamp som begge laga kunne ha vunne, men det vart 1-1. Kristoffer Hoven utliknatil 1-1 etter at heimelaget tok leiinga på straffespark.

Det er alltid jamne kampar mellom Sogndal og Start. Då dei møtte oss på Fosshaugane i fjor stod det óg 1-1 ved full tid. I 2019 rykka Start opp, då vann dei begge kampane mot oss med 1-0. I 2016 vart det 1-1 på Sør Arena, medan det vart 2-2 på Fosshaugane.

Les også: OBOS-ligaens runde 6 

Forsvaret vårt skal få bryna seg mot divisjonens toppskårar i dag. Jonatan Braut Brunes står med seks skåringar på fem kampar. Den målfarlege spelaren er på utlån frå Lillestrøm, og er fetter av ikkje ukjente Erling Braut Håland. Jærbuen er óg broren til Emma, som spelar på Kolbotn i Toppserien.

Me får eit gjensyn med vår gamle ven Eirik Schulze i dag, og vikjen Kristoffer Valsvik gler seg til å møta gamle lagkameratar. I Sogn Avis kan du lesa meir om midtbanespelaren 

I Kristiansand er det meldt sol og flott sommarvêr. Temperaturen skal liggja rundt 20 grader når domar Ole-Alexander Ekeli Valen frå Kråkerøy bles i gang kampen på Sør Arena.

Er du på Sørlandet og vil på kamp? Her er stadion.

I dag er det venta mange folk på Sør Arena. Sørlendingane har mobilisert for å støtta laget sitt. Det hadde vore kjekt om dei som er i nærleiken tek seg ein tur for å hjelpa våre karar i dag!
Her får du kjøpt billett

Fjøra Pub kan du sjå kampen i lag med andre sogningar, om du er i Sogndal i dag.

Bli med på OBOS-tipset! Bli med og du kan vinna flotte premier!
Gå inn her for å delta

Me gler oss til kamp!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: