Stefan skifter klubb

Skal spele i OBOS-ligaen

Sogndal Fotball og Ullensaker/Kisa er einige om ein overgang for Stefan Hagerup.

Stefan sluttar seg til sin nye klubb i dag, og vert Ull/Kisa spelar dei neste to sesongane.

Stefan avslutta tida i Sogndal med løpstest i dag
Stefan avslutta tida i Sogndal med løpstest i dag

- Dette er faktisk bra, seier keepertrenar Terje Skjeldestad, sjølv om han mistar ein viktig brikke i keepergruppa.

- Stefan fortener dette, han treng speletid på eit høgt nivå, og no får han sjansen til å gå vidare.

Skjeldestad er full av lovord om spelaren som fekk 13 kampar for Sogndal.

- Stefan kom inn då det var akutt keeperkrise i 2015, og han tok utfordringane på strak arm.

Med Mathias Dyngeland ute med skade og Christian Sukke ute med kyssesjuke, kom Stefan inn frå Fyllingsdalen og gjorde sakene sine på ein framifrå måte.

Han spelte 13 kampar for Sogndal.

- Stefan var sterkt delaktig i at me klarte å rykke opp, seier Terje.

- 4-0 mot Brann i Bergen står som eit høgdepunkt i tida her, fortel Stefan, som no håpar  på meir speletid slik at han kan ta vare på sin eigen karriere som keeper.


Med landslagskeeper Mathias Dyngeland tilbake i form, vart det begrensa speletid for Hagerup. Mathias stod samtlege minutt av Tippeligaen 2016.

Bergensaren har bidrege stort i treningskvardagen, og vore ein veldig lojal og fin gut i keepergruppa.

- Stefan har verkeleg stått på, og eg har aldri høyrt at han har klaga på noko, seier Terje. 


Stefan reiste til Ull/Kisa i fjor på eit utlån, og stod ni kampar på ein måte som gjorde at dei ville ha han permanent attende no.

- Stefan kom inn og gjorde et veldig solid inntrykk, og det har vore naturleg for oss å følge med han etter det. No er me glade for at dette løyste seg, seier keepertrenar i Ull/Kisa, Fredrik Vestgård. 

- Me veit kva me får, og Stefan kjenner Ull/Kisa frå før. Han kjem hit for å utvikla seg vidare, og dette vert spennande, seier Vestgård.

 - No er alt opp til Stefan sjølv, han kan bli ein skikkeleg god keeper, avsluttar Terje Skjeldestad.

Sogndal Fotball takkar for tida me fekk i lag med Stefan, og ønskjer han mykje lukke til vidare! 

 

Annonse fra Obos-ligaen: