Stefan til Øygarden

Antonijevic har signert for laget frå Sotra

Sogndal Fotball og Øygarden er samde om ein overgang for forsvarsspelar Stefan Antonijevic.

Den høgreiste amerikanaren kom til oss før sesongen i fjor. Stefan spelte 19 kampar for oss og skåra det viktige første målet då me slo Sandefjord 3-0 i kvalfangarbyen i fjor sommar.

Me vart raskt glade i humørspreiaren, som har vore ein god mann for oss. No går turen vidare ut mot kysten, og me ynskjer Stefan lukke til i sin nye klubb.

Les også om overgangen på sidene til Øygarden

Annonse fra Obos-ligaen: