Steffen er på plass!

Lie Skålevik er på lån frå Sarpsborg 08 ut året

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om ein utlånsavtale på angrepsspelar Steffen Lie Skålevik (f. 31/1 1993). Han blir i Kvitedrakta ut sesongen 2021.

Les også på heimesida til Sarpsborg 08

 - Dette er ein overgang me har jobba med ei stund, og no er me særs glade for at Steffen ville ta turen til oss, seier Håvard Flo.

Lie Skålevik er frå Sotra og har spelt for både SK Sotra og Nest-Sotra (no Øygarden). Han har god erfaring frå både Eliteserien og OBOS-ligaen gjennom spel og skåringar for Brann, Start og Sarpsborg 08.

Steffen kom til Sogndal i går kveld, og i dag hadde han si første trening med sine nye lagkameratar. Etter trening tok Kupen tak i mikrofonen for ein prat med sin nye spisskollega.





Trenar Eirik Bakke er veldig glad for å ha Steffen på plass i bygda.

Me ser fram til å sjå karen frå Sotra i aksjon til helga! Billettar til den kampen kan du kjøpa her

Steffen Lie Skålevik.JPG

 

Annonse fra Obos-ligaen: