Sterk slitesiger

Kristoffer Hoven vart matchvinnar i debutkampen då me slo Kongsvinger

Det vart 2-1 og tre poeng i sekken då me møtte Kongsvinger på Fosshaugane Campus.

Karane starta kampen meget bra og Bakke sa etter kampen at den første omgangen er kanskje det beste me har sett av denne gjengen. Karane hadde eit massivt press på Kongsvinger, som var heldige for at det berre stod 1-0 til pause. Målet vart skåra av Eirik Sculze.

Gjestene tok meir over i 2. omgang og dei utlikna i ein god periode. Kampen låg og vippa, og med litt hell kunne Kongsvinger ha snøte oss for både eitt og tre poeng. Men karane våre stod opp mot slutten av kampen, og det var fullt fortent at det vart 2-1. Sigersmålet kom på straffespark, kontant sett i nota av dagens debutant, Kristoffer Hoven.





Lillebror Andreas Hoven spelte ein god kamp, og er glad for å ha fått storebror på laget. Konnerudkarane har ein god link både på og utanfor bana, det skal bli spennande å sjå kvar dette kan enda.



Les om kampen i Sogn Avis

Eirik Schulze skåra det viktige første målet.





Kaptein Dyngeland var glad for tre poeng.



Ingen tek Ropet slik som Rasmus Mo!

Trenar Eirik Bakke var godt nøgd etter kampslutt.



Slik ser tabellen ut etter 20. serierunde
Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Levanger Levanger 3 2 1 0 8 2 6 7 U V V
2 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
3 Moss Moss 3 2 0 1 5 6 -1 6 V T V
4 Sogndal Sogndal 3 1 2 0 5 3 2 5 U V U
5 Kongsvinger Kongsvinger 3 1 2 0 6 5 1 5 V U U
6 Egersund Egersund 2 1 1 0 7 6 1 4 V U
7 Lyn Lyn 3 1 1 1 4 4 0 4 T U V
8 Vålerenga Vålerenga 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
8 Aalesund Aalesund 3 1 1 1 4 5 -1 4 U V T
10 Ranheim TF Ranheim TF 3 1 0 2 5 5 0 3 T V T
11 Bryne Bryne 3 1 0 2 3 3 0 3 V T T
12 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 3 1 0 2 6 7 -1 3 T T V
13 Åsane Åsane 2 0 2 0 3 3 0 2 U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Raufoss Raufoss 3 0 1 2 2 5 -3 1 U T T
16 Start Start 3 0 1 2 3 7 -4 1 T T U

Til helga skal me spela mot Start i Kristiansand. Kampen går på Sør Arena med avspark laurdag klokka 15.30.

Annonse fra Obos-ligaen: