Sterkt poeng i serieopninga!

Me tek med oss eit sterkt poeng etter ein intens kamp mot Vålerenga på Intility!

Det var duka for ein skikkeleg storkamp på Intility når OBOS-ligaen skulle sparkast i gang. Østblokka var full og i gang lenge før kampstart, men på bortefeltet viste sogningane at me skal vera med å kjempa. Spelarane gjorde det same på bana, og kriga seg til eit sterkt bortepoeng i årets fyrste kamp!

Det var Vålerenga som hadde mest ball i fyrste omgang, og det blei rask ein forsvarskamp for oss. Heile laget med Lars Jendal bakerst la ned ein skikkeleg innsats og stod i mot alt Vålerenga kunne by på. Det skulle løna seg. I det 37. minutt var det Edmund Baidoo som avanserte på høgresida. På motsett side fann han Erik Hovden Flataker som på fyrste berøring banka ballen i mål! Dermed stod det 0-1 til pause og me hadde fått ein god start på sesongen.

Etter pause var kampbiletet ganske likt som i den fyrste omgangen. Vålerenga hadde mest ball og skapte sjansane, medan me stod i mot. I løpet av omgangen kom det allikevel nokre gode moglegheiter for scoring som me ikkje klarte å utnytte. Då var det Vålerenga sin tur til å juble når Daniel Håkans fekk ballen i mål. Heimelaget hadde utlikna og fekk blod på tann.

Det blei ikkje fleire mål i kampen til tross for nokre store sjansar for Vålerenga. Dermed tek me med oss eit sterkt poeng frå ein vanskeleg bortekamp. Tusen takk for den enorme støtta frå bortefeltet. Innsatsen gjennom 90 minutt + tillegg gjer at me klarar å krige med oss poeng som i dag!

Neste seriekamp kjem allereie på laurdag. Då kjem Mjøndalen på besøk til Fosshaugadn, og me spelar vår fyrste heimekamp for sesongen! Bli med på tribuna og hjelp oss i kampen om 3 poeng!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: