Sterkt poeng på Åråsen!

Ballen ville ikkje i mål, men me tek eit sterkt poeng mot Lillestrøm

Det vart ein tett og jamn kamp i sola på Åråsen i dag. Ingen av laga fekk ballen i mål, men ein fartsfylt og innhaldsrik kamp enda med eit sterkt poeng på bortebane.

Fyrsteomgang var jamn, og ingen av laga kom til dei store sjansane i byrjinga av kampen. Lillestrøm sin Salieu Drammeh var nærast scoring då han banka ballen i stolpen, men Oliver Hintsa var også nære på før pause.

I andreomgang var det karadn som skulle kome nærast. Kampen svinga mykje fram og tilbake, og begge lag gjekk for 3 poeng. Mot slutten fekk Oliver Hintsa og Kasper Skaanes ein dobbeltsjanse, men Lillestrøm fekk avverga på imponerande vis. Også Emmanuel Mensah viste seg fram når han kom inn, og berre marginar gjorde at scoringa ikkje kom. Kampen enda 0-0, og me tek med oss eit sterkt poeng heim frå Åråsen.

Tusen takk for fantastisk støtte frå tribuna! No tek karadn ferie, og skal få kople skikkeleg av. I slutten av juli er OBOS-ligaen i gang igjen, og ein travel haust ventar!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: