Sterkt resultat og god prestasjon mot Kryvbas

Karadn leverte ein god prestasjon mot eit godt lag og kjempa seg tilbake til 2-2 mot Kryvbas

Dagens kamp mot ukrainske Kryvbas enda 2-2. Me fekk to mål i mot i fyrsteomgang, men karadn kjempa seg tilbake etter pause. Emmanuel Mensah og Vegard Hagen scora kvar sitt og sikra 2-2 i siste kamp i Spania. 

Me fekk ein prat med hovudtrenar Luis Pimenta rett etter kampslutt:

- Det var ein veldig krevjande kamp, akkurat slik me ønskte. Det var krevjande både fysisk og teknisk mot ein god motstandar. Dei var veldig fysiske og tette i duellane slik mange lag er i Aust-Europa, og det gav oss ein god test i både duellspelet og krav til nøyaktigheit i spelet vårt, fortel han.

- I fyrsteomgang synst eg me får til mange gode bevegelsar og etablerte angrep. Det er ein jamn omgang, men me blir straffa to gonger der Kryvbas scorar. Det visste me at kunne skje mot ein så god motstandar. I pausen snakka me om å justere presset og gjorde nokre små justeringar.

Etter pause var strukturen på plass og karadn kom tilbake i kampen. Emmanuel Mensah og Vegard Hagen scora kvar sitt mål. Pimenta fortel at ein får til dei tinga ein har jobba med:

- Det fyrste målet kom på høgresida ved høgreback Diogo Brás som slo igjennom Vegard Hagen. Han drog seg inn i bana og spelte Emmanuel Mensah inn bak forsvaret. I duell med siste forsvarar viste han god teknikk og plasserte den fint i mål med venstrefoten.


- Det andre målet var eit resultat av høgt press, og at me får til akkurat det me ønskjer. Me pressar dei lenger og lenger bak i bana slik at dei må spele heim til eigen keeper. Presset førte til teknisk feil og det enda med at Vegard Hagen kunne springe ballen i mål frå kort distanse, fortel Pimenta.


Dette var siste kamp i Spania, og no går turen straks heim til Norge. Neste treningskamp spelast på heimebane mot Lyn laurdag 22. februar kl. 13:00. Pimenta fortel at dei no går inn i fase 3 av oppkøyringa:

- Eg er veldig nøgd med responsen i andreomgang. Me avsluttar fase 2 av oppkøyringa på ein bra måte, og går no inn i fase 3. Fyrst fekk me jobba med strukturen og presset mot lag i lågare divisjonar, så har me fått teste oss skikkeleg mot betre lag. No ventar 4 kampar mot motstand frå OBOS-ligaen, som vil gi ein peikepinn på korleis me ser ut samanlikna med dei på same nivå som oss. Eg er nøgd med korleis me ser ut i dag, og ser fram til å fortsette oppkøyringa i Norge.

Me håpar sjølvsagt å sjå dykk på kamp når me møter Lyn. Kampen spelast etter planen ute på Fosshaugane Campus, men kan bli flytta inn i Sognahallen om været gjer det nødvendig. No ønskjer me karadn god tur heim, og gler oss til å sjå dei tilbake på treningsfeltet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: