Stjørdalsblink - Sogndal

MUS Stadion, avspark klokka 18:00

Då er det full rulle med OBOS-ligaen igjen! Me står foran den 9. runden, i dag skal karane våre kjempa om poeng i Barteland!

Slik går kampane i dag
 

Gjengen reiste oppovert til Stjørdalen i går etter treninga og hadde ein fin tur over fjjella. Det var ein svolten og fokusert gjeng som drog avgarde, og stemningen i gruppa er meget bra.

Me møter nyopprykka Stjørdals-Blink på MUS Stadion, som har eit heilt nytt og flott dekke.

 

Kryger, Roseth og Kupen er godt nøgde etter god mat på Dombås på turen i går (Foto: Eivind Helgesen)
Kryger, Roseth og Kupen er godt nøgde etter god mat på Dombås på turen i går (Foto: Eivind Helgesen)

Heimelaget har hatt ein veldig god start på sitt nye liv i ein divisjon opp frå i fjor. Me vil møta trøndersk entusiasme i dag, og må vera topp skjerpa om me skal ta med oss noko på bussen heimatt!

So langt har Blink teke ein del skalpar, mellom anna slo dei Lillestrøm på Åråsen. Tretten poeng har dei hamstra, eitt poeng mindre enn oss. Og dei er i form, slik at det er to formlag som barakar i hop, og det håpar me vil gi flott fotball og mange mål i dag.

Slik er tabellen etter åtte kampar
 

Me går for tre poeng! Me er klare!!

9. runde OBOS-ligaen 2020
Stjørdals-Blink - Sogndal
MUS Stadion, Stjørdal
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: