Stolt pappa!

Johan Johannessen Bakke debuterte mot Strømmen

Det vart emosjonelt på Fosshaugane i går då kampen mot Strømmen gjekk mot slutten: Stillinga var 3-0 og trenar Eirik Bakke gav sonen Johan beskjed om å ta av seg overtrekksdressen.


Det var duka for ein tredje Bakke i kvitedrakta, og mange sendte nok ein tanke til Svein om kor stolt han måtte ha vore om han hadde fått oppleva dette.

Les også Sogn Avis: – Bestefaren ville vore stolt viss han var her




Johan Johannesen Bakke har fått gode fotballgener etter morfar Johan Johannessen og farfar Svein Bakke, mamma Kari, som spelar på 7'arlaget til Sogndal og pappa Eirik.

No har han fått smaka litt på det. 
Det var stort. Dette er ein draum eg har hatt sidan eg var liten. Eg kjem gradvis meir og meir inn i gruppa, og føler at eg tek steg for seg på trening, sa Johan til Sogn Avis.

I tida som kjem no, skal Johan få tid og rom til å utvikla seg vidare, både på bana som fotballspelar, men óg som mennesket Johan. Me ser fram til tida som kjem i lag med denne kjekke guten!

Eirik og Johan 3
Eirik og Johan foran ein ung Eirik.

 

Annonse fra Obos-ligaen: