STOOKA UNG OG STOOKA FESTIVAL går av stabelen denne helga

Sparebanken Vest tek jubileumsfeiringa si på STOOKA UNG

Takka vera ei stor støtte frå Sparebanken Vest er STOOKA UNG på fredag GRATIS for alle! Sparebanken Vest har sitt 200 års jubileum, noko som gir dei ekstraordinære midlar som skal givast tilbake til samfunnet på Vestlandet. STOOKA FESTIVAL som går av stabelen no på fredag er ein av mange festivalar gjennom sommaren, men som oftast er mange festivalar for vaksne. Derfor tenkte Sparebanken Vest og banksjef Jørgen Follevåg Mjelleli at dei ville bidra til å gjera festivalen tilgjengeleg for alle.

«Vi ønskjer å støtta Stooka UNG slik at alle som vil kan vera med på fredag. Det er utruleg viktig med slike arrangement i Sogndal for å skapa liv og røra. Dette er eit arrangement som blir tilbode alle – som er viktig for oss. Me vil bidra til å laga ein møteplass for å setja musikk og kultur i høgsetet. STOOKA FESTIVALEN har konsertar både fredag og laurdagen, og programmet er fullspekka med spennande artistar. Slike arrangement bidreg til å skapa levande lokalsamfunn, meiner Jørgen Follevåg Mjelleli.»

— Jørgen Follevåg Mjelleli

I løpet av sommaren har Sparebanken Vest vore inne som støttespelar på fleire andre festivalar som Balestrand Badeklubb Festival og Fjørarock. Det har vore ein skikkeleg festivalsommar og det er kjekt å sjå bygdene fyllast opp med feststemte folk. Slike festivalar har mykje å seia for lokalmiljøa, og der ønskjer me å bidra, seier Jørgen Follevåg Mjelleli.

Program STOOKA FESTIVAL fredag: 

► Kl 17.00: Dørene blir opna
► Kl 18.30: AMARA 
► Kl 20.00: CHRIS ABOLADE
► Kl 21.30: HKEEM
► KL 23.00: Slutt

1200 personar har allereie bestemt seg for å komma på årets STOOKA FESTIVAL
Bli med du også til å laga magisk festivalstemning!
UNG STOOKA fredag er eit alkoholfritt arrangement meinte for alle, spesielt dei under 18 år. (barn under 12 år må ha følgje med føresett/forelder)

Du kan lese meir om artistane på Stooka.no

369638666_276225161833924_988284036441391535_n.jpeg

– Me er veldig takksam for at Sparebanken Vest går inn med store midlar for å gjera STOOKA UNG på fredagen gratis. Arrangementet er alkoholfritt og meint for alle, men spesielt retta mot dei under 18 år. Alle som har lyst til å vera med kan henta ut billettar via www.ticketco.no, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball

Du kan henta ut gratis billetten din for fredagen HER

WhatsApp Image 2023-09-06 at 15.35.00.jpeg
Me og Sparebanken Vest er klar for STOOKA festival!

Me takkar Sparebanken Vest for at dei ville samarbeida med oss om dette! Saman med Studentspretten og Meieriet (Studentsamfunnet i Sogndal) ønskjer me å skapa gode opplevingar for folk i bygda. Ideen starta med å bruka anlegget vårt til å skapa slike typar arrangement som inkluderer menneske i ulike miljø, der slike arrangement er samla for dei som bur her, og bidra til å gjera Sogndal til ein attraktiv stad å bu og vera student – samtidig som det set oss og medarrangørane våre på kartet.



På laurdag blir det STOOKA FESTIVAL, då er det eit arrangement med 18-års aldersgrense, og det vil vera mogleg å kjøpa alkoholhaldig drikke på festivalområdet.


Program STOOKA FESTIVAL laurdag:

► Kl 20.00: Dørene blir opna
► Kl 21.00: TYYL!
► Kl 22.15: EL PAPI
► Kl 23.30: YLVIS
► Kl 01.00: Slutt


Vi gler oss til å arrangera STOOKA UNG på fredag og endå eit år med STOOKA FESTIVAL på laurdag i sognahallen, me sjåast der!

STAO NO PAO!


Annonse fra Obos-ligaen: