Stor dag for Sivert!

Vart kåra til Årets Spelar i OBOS-ligaen, og fekk den høgthengande Tullen-prisen

Søndag 13. desember var ein god dag for Sivert Mannsverk!

Den flotte kapteinen vår stod og var klar til myntkast før kampen mot Åsane, då han vart ropt fram for å motta den legendariske Tullen-prisen frå kretsen sin Jan Tore Jåstad.

Stolt Sivert med den høgthengande Tullen-prisen
Stolt Sivert med den høgthengande Tullen-prisen

Les meir om utdelinga her

Etter kampen var Sivert lettare irritert. Me hadde gjeve vekk ein 2-0-leiing på heimebane, og den mannen likar ikkje å gå i garderoben utan tre poeng. Humøret endra seg raskt då han skjønte kva som var i ferd med å skje då han stod og venta på å bli intervjua om kampen av Eurosport.



Les meir om utdelinga her

Me er så stolte over den flotte kapteinen vår, og alt det han står for både på og utanfor bana! Sivert er ein heilt spesiell kar, og me er veldig glade for at han fekk denne prisen!


Gratulera med prisane - Stao Pao, Sivert!

01Sivert
Stor dag for Sivert!

 

Annonse fra Obos-ligaen: