Stor partnarsamling i Sogndal!

I helga arrangerte me ei kjekk samling saman med fleire av partnarane våre!

Gode relasjonar mellom oss som klubb og dei ulike bedriftene rundt oss er viktig. Me ønskjer alltid å bli betre kjend med partnarane våre, og slike samlingar byggjer nettverk og inspirerer oss til vidare arbeid!

Samlinga på Quality Sogndal Hotel vart arrangert i samband med årets siste kamp mot Vålerenga, og heile 42 deltakarar frå ulike bedrifter var samla i Sogndal denne dagen.

- Sogndal Fotball har i snart 2 år vore med i nettverket Favna som er drifta av "lustringen" Monica Saur Sandvik og Lars Petter Mongstad som tidligare har jobba i  marknadsavdelingen til SK Brann. Me blei med for å utforske moglegheitene for å utvide nettverket vårt i den regionen. Sogndal Fotball er ei sterk merkevare i Bergen der blant anna tusenvis av ungar og vaksne har vore i Saftbygda i forbindelse med Lerum Cup sidan oppstarten, fortel marknadsansvarleg Terje Teigen.

- I helga inviterte me nettverket opp til Saftbygda slik at dei fekk mingle med våre partnarar. Dette resulterte i ein flott samling på Quality Sogndal Hotell med fagleg innhald og moro på kvelden, samt omvisning, losje og kamp på laurdag, held Teigen fram.

Samlinga vart ein suksess og me har fått mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Me håpar dette skal føre til at endå fleire ønskjer å delta ved neste høve, og at nettverket kan bli større. Sogndal Fotball er alltid interessert i å kome i kontakt med nye partnarar for at me saman kan bli betre. Ta gjerne kontakt med Terje Teigen eller sjekk oss ut på LinkedIn!

Gå til LinkedIn!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: