IMG_9050

Storsiger og nytt hattrick av Viljar Stavø

Sogndal 2 sikra 7-0-siger mot Førde 2 i årets fyrste heimekamp


Det enda med storsiger for Sogndal 2 heime mot Førde 2. Viljar Stavø er i scoringsform, og scora sitt andre hattrick på rad. Sander Sjøthun Heggestad, Andreas Haugen Duesund og Khadar Ibrahim scora kvar sitt før Førde 2 satte ballen i eige mål like før slutt. Alle dei 6 fyrste måla kan ein sjå i videoruta øverst i saka.

I fyrsteomgang var det Sander Sjøthun Heggestad som opna scoringsfesten etter 13 minutt spelt. Andreas Haugen Duesund fann Viljar Stavø i feltet. Han la den flott til rette for Heggestad som banka ballen enkelt i mål. Etter 22 minutt spelt var det Duesund sin tur. Etter flotte kombinasjonar i feltet enda ballen hjå Duesund som stod heilt åleine i feltet. Frå 6 meter kunne han enkelt doble leiinga til 2-0. 

Etter pause var det tid for nye scoringar frå Viljar Stavø. Berre to minutt etter kvilen stod det 3-0. Mathias Krogh Ravnestad spelte gjennom Markus Bringas på høgresida. Han la ballen inn framfor mål, og der kom Viljar Stavø skliande inn og satte ballen i mål. Når det var spelt 53. minutt var det Khadar Ibrahim sin tur. Innlegget frå Sander Heggestad fann Markus Bringas på motsatt side. Han la ballen tilbake til Khadar Ibrahim som satte inn 4-0 for heimelaget.

Etter 80 minutt spelt vann Linus Heggestad ballen heilt oppe ved dødlinja. Han sendte ballen ut til Viljar Stavø som satte sitt andre for kvelden. 10 minutt etter gjekk Sogndal 2 for same oppskrift frå motsett side. Sander Heggestad kom seg fri på venstresida, la ballen 45 grader ut til Viljar Stavø som gjorde hattricket komplett!

På overtid kom kampens siste mål når Førde 2 satte ballen i eige mål. Dermed enda det 7-0 til Sogndal 2 på Fosshaugadn i det som var årets fyrste heimekamp. Viljar Stavø står med 6 scoringar og toppar toppscorarlista i Kretsligaen. No ventar Jølster på bortebane i neste kamp, søndag 5. mai klokka 14:00.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: