Strømmen - Sogndal

Strømmen Stadion, Avspark klokka 14:00

Me står foran ein veldig interessant dag i OBOS-ligaens 24 runde!

Det er mange spennande kampar som skal spelast, og me skal ut mot Strømmen på Strømmen Stadion. Avspark er klokka 14:00.

Dei andre sju kampane startar klokka 15:00, og berre eit steinkast frå vår kamp, er det toppoppgjer på Åråsen der Lillestrøm tek i mot Tromsø.

Slik går dagens kampar
Slik går dagens kampar
Dette er tabellen før det brakar laust i dag
Dette er tabellen før det brakar laust i dag

Etter ein tung periode så langt i oktober, slo karane til med siger på onsdag mot formsterke Jerv! Det var tre etterlengta poeng som vart att i Saftbygda. No skal me fortsetja i denne gata, men det er ingen lett oppgåve me har i dag!

Strømmen har gjort det bra i år og er eit bra lag. Det er ikkje mange bortelag som reiser frå Strømmen Stadion med tre poeng, men det har me tenkt å gjera i dag!

- Det er på tide at eg tek tre poeng som trenar her, smilte Eirik Bakke då me snakka med han i går. Me har hatt greitt tak på dei heime, men på bortebane har det butta i mot. Det snur no!





Det er god stemning i gruppa - noko denne trioen synleggjer i dette innslaget.

Karane har funne fram arbeidshanskane, og me skal jobba som galne for at me skal reisa heim med gode smil rundt munnen i ettermiddag!

Strømmen – Sogndal
Strømmen Stadion
Avspark klokka 14:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: