
Student i praksis
Vegard skal vera med oss denne våren
Denne veka tok studenten Vegard Lund Sjøthun fatt på praksisen han skal ha i samband med studiet han går på ved FBA, eit nettbasert tilbod med base i Sveits. Vegard går på Football Business Management, eit kurs me har hatt studentar på praksis tidlegare år.
- Eg gler meg til å få innblikk i den daglege drifta av ein klubb, då med fokus på marknads- og sponsorarbeid, samt arrangement, fortel 27-åringen frå Bærums Verk.
Vegard har familie i Vik i Sogn, og har vore på kamp på Fosshaugane fleire gonger.
- Dette er ein skikkeleg kar, fortel marknadssjef Terje Teigen.
- Då eg hadde han med rundt på omvisning av anlegget, fekk han auge på eit sjokoladepapir nokon hadde slengt frå seg, og dette plukka han opp og kasta i bosset. Det fortel iallefall meg at me har fått inn ein stødig gut denne våren.
Den fotballinteresserte Liverpool-supportaren har spelt for Helset, Lommedalen og Sagene, og han har jobba fem år på Torshov Sport i Oslo.
- Det er veldig kjekt å få inn folk utanifrå, dette er ein ressurs som kjem med innspel me tek med oss i kvardagen, fortel Teigen om Vegard, som allereie har kome med synspunkt på mediadekninga vår.
- Det er óg kjekt å få inn litt hjelp no når me er i sluttfasen på ein del reforhandlingar, så eg ser fram til denne perioden med Vegard her hjå oss, seier Teigen.
- Det blir kjekt å få ta del i den daglege drifta her i Sogndal, dette er veldig lærerikt, avsluttar Vegard.