Styrkar samarbeidet ut 2028
Sogndal Fotball og Meny Sogndal har forlengja den langvarige samarbeidsavtalen med tre nye år. Partnarinnhald
Den nye avtalen gjeld ut 2028, og er ein av dei største i det 57 år lange samarbeidet.
Samarbeidet starta heilt tilbake i 1969, og har vore ein viktig del av både klubben og lokalsamfunnet si utvikling. Den nye avtalen forsterkar dette bandet ytterlegare, og er ein av dei største som nokon gong er inngått mellom partane. Heile verdien i avtalen kjem frå butikken i Sogndal, noko som understrekar det sterke lokale engasjementet og viljen til å satse vidare på klubben.

Meny Sogndal har ei lang historie i bygda vår, og er for mange framleis kjend som det tidlegare K-senteret. Butikken har vore ein sentral del av Sogndal si utvikling gjennom fleire tiår, og held fram med å spele ei viktig rolle både som næringsaktør og støttespelar for idretten og fotballen.
– Dette er eit samarbeid som betyr svært mykje for oss. Meny Sogndal har vore med oss gjennom generasjonar, og er eit godt døme på kva som er mogleg når lokale krefter står saman over tid. At dei no går inn i ein av dei største avtalen nokon gong, viser eit sterkt tru på det me held på med, seier konstituert dagleg leiar Ingrid Narum i Sogndal Fotball.
Butikksjef Nils Olav Øy i Meny Sogndal trekkjer fram både dei tilsette og kundane som avgjerande for det sterke lokale engasjementet:
– Eg er utruleg stolt over kva me på Meny Sogndal får til. Alle tilsette står på som heltar kvar dag for å levera eit stort utval og kvalitet til sogningane. Me tilbyr ferskvaredisk, fiskedisk, ostedisk, nysteikte bakevarer og kafé for å nemna noko. Butikken har lange tradisjonar for å støtte og sponse aktivitetar i bygda. Alt dette får me til gjennom lokal handel her i Sogndal, ikkje gjennom kjeda eller regionen. Det er dei tilsette, og ikkje minst kundane våre, som skapar dette.
Han understrekar også kor viktig klubben er for lokalsamfunnet:
– Sogndal Fotball er meir enn A-laget. Dei er breiddefotball, samfunnsutviklar og regionsbyggar. Fleire tusen sogningar i alle aldrar brukar Campus kvar einaste dag. Meny Sogndal har vore med på heile reisa, og me rundar no 57 år som samanhengande sponsar. Me er sterkast saman, og difor er me ein stolt samarbeidspartnar til Sogndal Fotball.
Den nye avtalen kjem inn i eit heilt spesielt år for klubben og bygda. Sogndal Idrettslag markerer 100 år, samstundes som Sogndal Fotball kan vise til 50 år samanhengande i norsk toppfotball. Med eit unikt samspel mellom bygd, frivillige, samarbeidspartnarar og klubb, har ein klart å byggje noko heilt spesielt.