Superlaurdag: Velkommen til oppstart for 2020-årgangen
Laurdag 11. april inviterer Sogndal Fotball til Superlaurdag og oppstart for nye spelarar fødde i 2020.
Arrangementet går føre seg i Sognahallen og er ei fin moglegheit for barn og foreldre til å bli kjent med klubben og starte fotballreisa i Sogndal.
Program – Superlaurdag 11. april
Stad: Sognahallen / Fosshaugane Campus
- 11.30 – Fotballøkt for born fødde i 2020 i Sognahallen
- 13.00 – Informasjonsmøte for foreldre
- 14.00 – A-lagskamp: Sogndal Fotball – Lyn Fotball
- ca. 18.00 – Arrangementet slutt
Dagen startar med ei fotballøkt i Sognahallen kl. 11.30, leia av trenarar frå Sogndalakademiet. Her får dei yngste prøve seg på fotball i trygge og kjekke rammer.
Kl. 13.00 blir det informasjonsmøte for foreldre. Her vil klubben presentere sportsplanen til Sogndal Fotball, satsingsområde for 2026, øvingsbank og kva ansvar trenarar og lagleiarar har i barnefotballen.
Etter programmet i hallen blir dagen avslutta med A-lagskamp når Sogndal møter Lyn. Kampstart er kl. 14.00, og deltakarane får utdelt gratis billettar. Arrangementet varer fram til om lag kl. 18.00.
For å registrere spelarar og føresette nyttar klubben Spond. Påmeldinga skjer ved å skanne QR-koden i invitasjonen (eigen kode for jenter og gutar).
Har du spørsmål kan du ta kontakt med klubben på e-post: [email protected].
Sogndal Fotball ser fram til å møte mange ivrige spelarar til sitt første møte med klubbfotball.
