Superveke på Fosshaugane!
Høg aktivitet og mange kampar
Me går ei travel veke i møte på Fosshaugane Campus!
Allereie i morgon er G19-laget vårt i aksjon i 2. runde i NM, og så går det slag i slag med mange spennande kampar fram til lokaloppgjeret mellom Fjøra og Sogndal 2 neste tysdag.
Mathias Øren og Daniel Gjerde Sætren får ikkje ta del i moroa, då dei er på tur med g16-landslaget til Romania i denne perioden.
Slik er kampoppsettet på Fosshaugane den neste veka:
Onsdag 4. mai klokka 19:00: Sogndal G 19 - Hødd G 19, 2. runde NM
Laurdag 7. mai klokka 13.00: Sogndal - Sandefjord, Nasjonal Gutar 16
Søndag 8. mai klokka 12:00: Sogndal FK Damer – Snøgg, 2. div kvinner
Måndag 9. mai klokka 18.00: Sogndal - Kongsvinger, OBOS-Ligaen
Tysdag 10. mai klokka 19.00: Fjøra - Sogndal 2, Kretsligaen