Surt poengtap i underhaldande kamp!

Mange brende sjansar kosta dyrt i dagens kamp mot Raufoss


Mange sjansar begge vegar, høgt tempo og gode redningar prega utfallet av dagens kamp. Oliver Hintsa sendte oss i føringa før pause, men i andreomgang snudde Raufoss kampen på 4 minutt. Sebastian Pedersen utlikna, og til tross for mange store sjansar fekk ein ikkje ballen i mål fleire gonger. Dermed enda det med poengdeling på Fosshaugadn i dag.

I fyrsteomgang var det karadn som pressa på frå start. Sjanse på sjanse vart anten redda eller satt like utanfor. Ein sat med kjensla av at det berre måtte kome ei scoring, og på overtid av omgangen steig Oliver Hintsa til værs. Toppscoraren vår stanga inn eit flott innlegg frå Martin Sjølstad, og me var i føringa til pause.

Ein dårleg start på andreomgang skulle diverre koste oss dyrt. Etter 52 minutt satte Ole Amund Sveen inn utlikninga, og berre 4 minutt etter scora Elias Aarflot leiarmålet for bortelaget. 

Oliver Hintsa er målfårleg om dagen, og etter 63 minutt var han involvert igjen. Eit nydeleg innlegg frå Lukass Vapne fann Hintsa som fekk avslutta. På returen venta spisskollega Sebastian Pedersen og satte inn utlikninga. Diverre fekk ein ikkje meir utteljing på dei totalt 10 sjansane i kampen, og det enda med poengdeling på Fosshaugadn i dag. 

Tusen takk for støtta nok ein gong. Det var ei flott ramme rundt kampen, og trykket frå tribuna var med på å skape eit bra press mot målet til Raufoss. Diverre var ikkje marginane på vår side i dag, men det kjem nye moglegheiter for siger. No ventar ei veke ferie for karadn, før Kongsvinger er motstandar på bortebane. Me har gode minne frå i fjor, og skal jakte nye poeng!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: