Surt tap mot HamKam

Det vart 1-2 i Mjøsbyen

HamKam vann 2-1 i kveldens kamp på Briskeby. Stillinga til pause var 1-1, etter at Akor stanga oss i leiinga etter eit kvarters spel.


Les om kampen i Sogn Avis

Det vart et tap som kosta meir enn tre poeng. Mansour skada kneet og måtte ut. Han skal til undersøking i dag, og slik det såg ut rett etter kamp, er han diverre ute ein ny periode. Axel Kryger måtte køyrast til sjukehuset på Elverum med mistanke om hjerneristing (pga dette er kamprapporten nokså redusert då underteikna steppa inn som sjåfør). Han er grundig undersøkt og me var tilbake på hotellet seint i natt.

Les fyldig kampreferat i Firdaliven



Trenar Eirik Bakke var veldig skuffa etter kampslutt.

HamKam – Sogndal 2–1 (1–1)

OBOS-ligaen, 7. serierunde, Briskeby stadion, tysdag 22. april

Mål: 0–1 Jerome Akor Adams 15. min, 1–1 Jonas Enkerud 40. min (straffe), 2–1 Kristian Eriksen 61. min

Gule kort: Hasan Kurucay, Albert Berisha, HamKam og Martin Ove Roseth, Sogndal

Domar: Harald Røvig Sletner, Rustad IL

HamKam (3–5–2): Julian Faye Lund – Steinar Strømnes, Vetle Skjærvik, Hasan Kurucay – Kristian Onsrud (Albert Berisha frå 85.), Morten Bjørlo (Halvor Opsahl frå 90.), Ruben Guerra, Rasmus Lindkvist (Emil Sildnes frå 55.), Aleksander Melgalvis – Kristian Eriksen, Jonas Enkerud

Sogndal (3–4–3): Serigne Mbaye – Tord Salte, Mansour Gueye (Tobias Bjørnebye frå 33., Endre Kupen frå 73.), Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Kristoffer Valsvik, Axel Kryger (Noah Solskjær frå 90.), Per-Egil Flo – Sivert Mannsverk, Jerome Akor Adams, Kristoffer Hoven

No skal me nullstilla, og opp på hesten! Allereie søndag skal me slå tilbake. Då kjem Åsane på besøk. Kampstart er klokka 15:00 og billett til kampen kan du kjøpa her  Billettsalet opnar onsdag klokka 18:00

Annonse fra Obos-ligaen: