Surt tap mot Stabæk

Stabæk - Sogndal 2-1.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

– Det var eit skuffande resultat, men ein god prestasjon. Me hadde nok moglegheiter til å avgjere kampen på 1–1, men me tok ikkje vare på dei. Så utnytta dei oss på ein overgang, og då vart det tap, seier hovudtrenar Eirik Bakke.

Sogndal gjekk ut på Nye Nadderud med energi og aggressivitet.

Frå start tok me tak i kampen med høgt press og god organisering. Me vann mange dueller og andreballar, som gjorde det vanskeleg for Stabæk å få ro i spelet sitt.

Etter ein lovande opning fekk heimelaget gradvis meir kontroll. Etter rundt 20-25 minutt byrja Stabæk å spele seg inn i kampen, og det var også dei som fekk det første målet og kunne gå til pause med leiinga.

Etter kvilen kom Sogndal ut som det beste laget. Intensiteten var tilbake, og me skapte fleire store sjansar gjennom andre omgang.

Fire minutt ut i omgangen kom Sogndal framover. Lukas Gausdal fann Kasper Skaanes, venstre vingback for høvet, med ei nydeleg pasning inn i 16-meteren. Skaanes breisida ballen i lengste hjørnet.

Etter dette skapte me nok moglegheiter til å få både eitt og fleire mål.

I staden var det Stabæk som fekk det avgjerande ordet. Like før slutt sette heimelaget inn 2-1. Saman med det første målet var det to baklengs som det bør vera mogleg å unngå.

Sjølv om poenga blei att på Nadderud, var det noke positivt å ta med seg. Prestasjonen var fleire hakk opp frå dei føregåande kampane.

No dreg åtte av spelarane våre på landslagsoppdrag. Resten trenar på feltet i starten av veka, før det blir nokre dagar fri. Deretter skal me ruste oss for ein svært travel oktober med avgjerande kampar.

– No får me byggje vidare på spelet og gjere oss klare til avslutninga av sesongen, med to kampar i veka, seier Bakke.

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 29 21 2 6 84 48 36 65 U V T V V
2 Strømsgodset Strømsgodset 29 19 6 4 79 34 45 63 V V V T V
3 Kongsvinger Kongsvinger 29 18 5 6 83 47 36 59 V T V T T
4 Stabæk Stabæk 29 18 4 7 68 35 33 58 U V V V V
5 Odd Odd 29 13 7 9 57 46 11 46 V V T T U
6 Bryne Bryne 29 13 4 12 43 41 2 43 T U T U V
7 Ranheim TF Ranheim TF 29 12 5 12 73 69 4 41 T U V V V
8 Egersund Egersund 29 10 8 11 48 57 -9 38 V U U U V
9 Hødd Hødd 29 11 5 13 49 59 -10 38 T U V T T
10 Strømmen Strømmen 29 10 6 13 50 62 -12 36
11 Lyn Lyn 29 10 4 15 46 59 -13 34 T T V T V
12 Sogndal Sogndal 29 8 6 15 48 63 -15 30 T U V V T
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 8 6 15 42 58 -16 30 U T T V U
14 Moss Moss 29 8 5 16 41 62 -21 29 V U T T T
15 Åsane Åsane 29 7 5 17 41 65 -24 25 V T T V T
16 Raufoss Raufoss 29 6 2 21 31 78 -47 20 U T T T T

Annonse fra Obos-ligaen: