
Sveen klar for Bodø/Glimt
Ole Amund Sveen har signert for nordlandsklubben
Eliteserielaget Bodø/Glimt og Ole Amund Sveen er samde om ein avtale for dei neste 2,5 åra. Sveen blir Bodø/Glimt-spelar frå og med 1. august.
- Me har jobba ei tid for å resignera Ole Amund. Spelaren hadde fått eit tilbod frå oss, då me veldig gjerne ville ha han med oss vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo.
- Då eliteserielaget Bodø/Glimt kom på bana, skjønte me at det ville bli vanskeleg å halde på han i Sogndal. At han fekk denne sjansen i Bodø, er veldig kjekt for Ole Amund. Eg skulle gjerne sett han spele i kvitedrakta framover, men ynskjer han mykje lukke til i Bodø, seier Flo.
Ole Amund kom til oss frå Hødd før 2016-sesongen, og den sympatiske karen frå Redalen utanfor Gjøvik gjorde sakene sine særs bra i sin første sesong på det øvste nivået i landet. Han spelte 28 kampar og skåra 7 mål denne sesongen.
Før sesongen 2017 sleit han litt med skade i sesongoppkøyringa, men han jobba seg tilbake og var skuffa då han ikkje fekk starte mot Sarpsborg 08 i den første serierunden. Det gjorde han runden etter, mot Stabæk. Etter nitten minutt skåra han, og i duellen knakk han begge beina i leggen.
Vegen tilbake har vore lang og smertefull. Han har jobba hardt, og har hatt oppturar og nedturar. Ole Amund kjempa seg tilbake, han gjorde redebut i OBOS-ligaen 2019 borte mot Ull/Kisa og skåra sine to første offisielle mål på meir enn to år i cupkampen mot Stryn i første runde.
- Eg har jobba steinhardt for å nå målet om å spele i Eliteserien igjen. I løpet av karrieren min har eg spelt éin skikkeleg sesong i på det nivået, og eg er 29 år. Eg føler eg fortener å få prøva meg på det nivået igjen, seier Ole Amund om overgangen.
Karen frå Mjøsa sin vestre bredd fortel at dette var eit vanskeleg val.
- Eg skulle gjerne vore med vidare i Sogndal, og det blir tøft å reisa her i frå. Eg har hatt fine år her. Når eg likevel reiser er dette for å få spela eliteseriefotball, og eg gler meg til å ta fatt i Bodø, avsluttar Sveen.
Tilsaman har han spelt 37 kampar i kvitedrakta, og skåra 10 mål.
Me ynskjer Ole Amund lukke til i Bodø!