
Sverre Stavø har signert kontrakt!
Den unge sogndølen har skrive kontrakt med Sogndal Fotball! Utviklingsavdelinga
Sogndal Fotball og Sverre Stavø er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen! Den unge sogndølen skriv sin fyrste kontrakt med barndomsklubben!
- Det føles veldig bra. Eg føler på ein tryggheit, og at klubben har tru på meg. Det gjer at eg kan ha fokus på mi eiga utvikling, og eg kjenner at det er bra for meg å vera i Sogndal. Det gir meg ein ekstra boost, og gir motivasjon til å jobbe endå hardare, fortalde Sverre etter at avtalen var signert.

Sverre Stavø er ein spennande angrepsspelar som allereie har utmerka seg som eit talent nasjonalt. Med god fysikk, høgt tempo og nase for mål er han eit bra angrepsvåpen. Sverre er ein del av Sogndal 2-troppen, og spelar primært kampar for Sogndal 2 og G19. Han har også nokre kampar for vårt nasjonale G17-lag i årets sesong.
Hovudtrenar for Sogndal 2, Nils Tore Krosshaug, fortel om ein målfarleg spelar:
- Sverre er ein bakromsspiss med bra fart. Han har god utteljing på sjansane sine, og scorar mykje mål. I tillegg er han ein presspelar med god løpskapasitet, og han gjer ein viktig jobb defensivt. Han har lagt ned ein bra jobb over tid, og det er fortent at han no får moglegheita. At han har gjort det bra for Sogndal 2 og G19 har gjort han interessant for G16-landslaget, og det er kjekt at han får prøve seg på det nivået.
Sverre er sogndøl, og frå han var liten er det Sogndal som har vore laget. Han har gått gradene gjennom akademiet og breiddefotballen før han vart ein del av utviklingsavdelinga. Å signere kontrakt med barndomsklubben har vore ein draum:
- Det er stort då, og noko ein har drøymt om. Når det fyrst skjer så går det ikkje heilt inn med ein gang, men det føles veldig godt å ha signert, fortel han.

Sverre har nyleg blitt tatt ut til G16-landslaget som blir leia av Tore André Flo. I byrjinga av august kom debuten med flagget på brystet, og det vart 3 kampar på den fyrste samlinga.
- Det var litt overraskande, det må eg seie, men det var ei god kjensle å bli tatt ut. Eg føler at eg har jobba mykje for det, og det var ein stor boost å få beskjeden om at ein skulle spele for Norge. Det var stort å debutere, og litt surrealistisk å spele med flagget på brystet istaden for Sogndallogoen. Det var ganske stor forskjell på nivået, og eg synst det var mange gode spelarar. Eg merkar også at ein blir automatisk litt betre av å spele mot dei beste, og det var ei veldig lærerik oppleving.
I tillegg til ein god kamparena har Sverre fått vere med A-laget på treningar den siste tida. Det har vore ei lærerik oppleving, og han fortel at det er kjekt å få teste kvar nivået ligg. No er klar for å ta nye steg, og gler seg til framtida i Sogndal
- Det neste målet blir vel å kome seg inn på A-laget, og å halde fram med utviklinga mi her i Sogndal. Eg trivst godt saman med Sogndal 2, men skal fortsatte å jobbe på og ta dei moglegheitene eg får.
Utviklingsansvarleg Anders Stadheim fortel:
- Det er veldig kjekt at Sverre no har signert kontrakt med klubben. Han er ein spelar som har jobba hardt over lengre tid, og som har stått i motgang både på og utanfor bana. Det føles veldig fortent at han fekk uttaket til landslaget, og kontrakten kjem som eit resultat av den gode jobben som er lagt ned. Me må også skryte av alle dei flinke trenarane som har fulgt han gjennom aldersbestemte lag og i utviklingsavdelinga.
Me gratulerer Sverre med kontrakt, og ønskjer han masse lukke til med vidare utvikling. Det skal bli spennande å følgje han i tida framover!
STAO NO PAO!