Takk for innsatsen: Anders Johannessen Nord

Han har vunne fleire trofe og spelt europeiske storkampar for Sogndal. No skal Anders sjå seg om etter nye utfordringar!

Sesongen er over, og me vil den neste tida takke av dei spelarane som har spelt sin siste kamp for klubben. Nestemann ut: Anders Johannessen Nord.

Anders har spelt for Sogndal sidan han var liten. I 2018 var han ein del av den historiske gjengen som vann G19 NM. Rosenborg vart slått 3-1 i finalen i Telenor Arena 1. desember 2018, og pokalen kunne løftast. Anders var ei viktig brikke i dette laget og scora heile 4 mål på vegen mot finalen. Sigeren kvalifiserte dei også til Skandinavisk Mesterskap i Gøteborg.

4Q3A0989.JPG

Turneringa i Sverige gjekk berre nokre dagar etter triumfen i Telenor Arena, og enda like godt. Anders og resten av gjengen vart det fyrste norske laget som vann turneringa etter å ha slått ut lag som blant anna BK Hãcken, FC Midtjylland og AGF. To flotte finalesigrar på berre 8 dagar har skrive denne gjengen inn i historiebøkene. Det kvalifiserte også laget inn i UEFA Youth League der dei skulle få bryna seg mot storlag også utanfor Skandinavia.

Gullgutta.jpg

 

I det fyrste oppgjeret var det finske FC Honka som var motstandar. Bortekampen enda med 1-1, medan heimekampen vart vunne 3-1. Anders scora eit av måla og spelte heile kampen. I den 2. runden var det FC Sheriff Tiraspol frå Moldova som var motstandar. Bortemøtet enda med 2-0 tap, og i heimekampen rauk ein dessverre ut på bortemålsregelen etter ein heroisk 3-1 siger. Ein intens og amper kamp under flomlysa på Fosshaugadn.

Anders fekk sin fyrste proffkontrakt med Sogndal i desember 2019. I den fyrste sesongen vart det til saman 15 kampar på bana i OBOS-ligaen. Tøff kamp om speletid kombinert med skadar gjorde vegen til startellevaren vanskeleg. På hausten i 2021 gjekk turen til Øygarden på utlån for å få meir speletid. Året etter var han tilbake i Sogndal.

I løpet av 2022-sesongen vart det til saman speletid i 18 kampar og 4 mål. For Sogndal 2 vart han toppscorar etter 13 mål på 9 kampar i ein god sesong. Her var han også ein viktig bidragsytar til at laget sikra opprykket heilt på slutten av sesongen. Etter sesongen vart det signert ein ny avtale som strakk seg ut 2023. I årets sesong vart det diverre begrensa med speletid i OBOS-ligaen. For Sogndal 2 vart han også i år toppscorar med 8 mål, saman med både Joakim Nundal og Erik Flataker som scora like mange. Intervju med Anders kan du sjå under:


Me takkar Anders for tida i Sogndal og ønskjer han masse lukke til vidare!

STAO NO PAO! 

 

Annonse fra Obos-ligaen: