Takk for innsatsen: Endre Kupen

Endre har bestemt seg for å legge fotballskoa på hylla, men er ikkje ferdig med fotballen

Sesongen er over, og me vil den neste tida takke av dei spelarane som har spelt sin siste kamp for klubben. Nestemann ut er Endre Kupen.

Endre kom til oss frå Bodø/Glimt før 2020-sesongen. Det vart ein litt rar sesong med lang oppkøyring og siste kamp 28. desember i Oslo. Det vart mål i debuten mot Åsane og totalt 5 scoringar i løpet av året. Endre bidrog også sterkt til ein god sesong i angrep der Kristoffer Hoven enda på 17 mål.

Kupen.jpg
Foto: Rune Sjøberg

Sesongen etter var det ein skade som prega store delar av sesongen. Det gjorde også at det vart begrensa med speletid etter ein lang opptreningsperiode. I 2022 overtok han som botsjef og fekk rolla som ein av dei viktige spelarane i garderoben. I tillegg bidrog han mykje på Sogndal 2 og stod med 10 mål på 8 kampar i opprykkssesongen. 

Årets sesong vart den siste som aktiv fotballspelar på toppnivå, og no ventar nye utfordringar. Endre skal frå og med neste år bidra i utviklingsavdelinga som hovudtrenar for NG14 og som assistent på Sogndal 2. Me er glade for at me kan behalde erfaringen og kunnskapen til Endre i klubben og at han blir med oss vidare. Intervju med Endre kan du sjå under:


Tusen takk for innsatsen og lykke til med nye oppgåver Endre!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: