Takk for innsatsen Isaac Twum!

Sogndal Fotball og Isaac Twum er samde om å avslutte kontrakten

Isaac Twum kom til oss frå Mjøndalen i august 2022. Etter 56 offisielle kampar i svart og kvit drakt er tida i Sogndal no over for denne gong. 

Isaac kom inn i gruppa i 2022 og har vore ein fin bidragsytar både på og utanfor bana. Med sitt gode humør og smittande latter vart han raskt ein spelar me vart glade i. 

- Det har vore ei sann glede å spele i Sogndaldrakta. Eg har hatt ei veldig fin tid her, og fått mange gode vener. Det har vore fantastisk, fortel Isaac.

Den siste tida i Sogndal vart diverre prega av lite speletid, og ein operasjon i fjor satte han ut av spel i lengre tid. Med skifte av hovudtrenar, nye rollekrav og tøffare konkurranse har det ført til at Isaac har vore lite involvert for A-laget i år.

- Isaac var på utgåande kontrakt 1. august, og etter samtalar med Luis Pimenta vart ein einige om å finne ei løysing. Isaac ønskte å byrje med skule og utdanning slik at han kunne fokusere på framtida si i Norge, og difor vart me einige om å avslutte avtalen no, fortel Håvard Flo.

Me ønskjer å takke Isaac for innsatsen i Sogndal, og ønskje han masse lukke til med nye utfordringar. Kanskje møtast me også igjen på Fosshaugadn, då Isaac framleis blir verande i bygda.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: