
Takk for innsatsen: Mansour Gueye
Midtstopparen er ferdig i klubben når kontrakta går ut til nyttår
Sesongen er over, og me vil den neste tida takke av dei spelarane som har spelt sin siste kamp for klubben. Den neste spelaren er Mansour Gueye.
Mansour kom til klubben i februar 2021 og signerte ein kontrakt på tre år. Han kom til oss etter fleire gode år i KFUM Oslo, og hadde tidlegare spelt for Oslo City, Skeid og Strømmen. Den fyrste sesongen i Sogndal vart diverre prega i stor grad av skadar, og etter sesongen stod han berre med 6 offisielle kampar. Skadeproblem i oppkøyringa gjorde at han var ute av spel fram til juni. Deretter spelte han 3 gode kampar med null baklengsmål, eit mål og 6 poeng før ei takling mot HamKam gjorde at han fekk nye månadar på sidelinja. I november var han tilbake på bana og fekk dei tre siste kampane av sesongen.

I 2022 var det kombinasjonen av tøff konkuranse og nye skadar som begrensa speletida. Til saman vart det 11 kampar for A-laget, medan han var ei viktig brikke på Sogndal 2 som rykka opp frå Kretsligaen til Norsk Tipping-ligaen. På sju kampar leverte han også tre mål som midtstoppar.
.jpg)
Fyrst i 2023 løysna det på skadefronten og det vart 22 kampar i OBOS-ligaen og cupen. I tillegg vart det 8 kampar i 3. divisjon for Sogndal 2. No når sesongen er ferdig går kontrakta ut, og det er klart at den ikkje blir forlenga. Dermed ventar nye utfordringar for Mansour, og tida hans i Sogndal er over for denne gong. Intervju med Mansour kan du sjå under:
Me takkar for innsatsen i Sogndal og ønskjer han masse lukke til vidare!
STAO NO PAO!