
Takk for innsatsen Morten Olsen!
Morten Olsen har byrja i nye oppgåver hjå Norges Fotballforbund
Vår analyseansvarleg, Morten Olsen, har byrja i ny jobb hjå NFF. Han har gjennom mange år i Sogndal Fotball bygd seg opp ein kompetanse på høgt internasjonalt nivå. Når fleire toppklubbar i Norge, og NFF var på jakt etter nye ressursar stod Morten øvst på lista, og no har valet enda på nye utfordringar i NFF.
Morten Olsen har vore i klubben i to periodar, og har no vore her sidan 2022. Han fortel om korleis rolla hans har vore eit samarbeid mellom fleire aktørar på Fosshaugane Campus:
- Dette har jo vore min andre periode i klubben, og eg kom tilbake her for 3,5 år sidan. Rolla mi vart eit samarbeid mellom Kretsen, Høgskulen og klubben, for å samle litt tankar og ressursar og å bidra til felles utvikling på Campus. Eg har hatt litt ulike arbeidsoppgåver, men analyse, trenaransvar og undervisning har utgjort hovuddelen.
Sportssjef Terje Skjeldestad fortel:
- Me henta inn Morten som ein del av trenarteamet til Tore André. Då byrja han i ei kombiløysing saman med Høgskulen og NFF Sogn og Fjordane. Hjå oss fekk han ansvaret for analyse, og tok oppgåva på strak arm. Han har hatt ei vanvittig utvikling, og vart raskt henta inn til ulike aldersbestemte landslag. Me merka no at han var veldig ettertrakta, og var fyrstevalet til fleire toppklubbar i Norge i tillegg til landslaget. Me ønskte naturlegvis å behalde Morten i klubben, og det er synd å miste han. Samtidig unnar me han denne moglegheita, og ønskjer han masse lukke til, fortel han.
Morten skal no vere ein del av eit miljø som jobbar med dei absolutt beste spelarane i dei bestemte alderskulla. Framover vil han vere ein fast del av Norge U21, i tillegg til å bidra på andre lag. Fram mot EM skal han følgje Norge A-kvinner, og i sommarens EM følgjer han J17, som han har fulgt dei to siste åra. Han fortel også at den nye rolla er todelt:
- No skal eg inn i Forbundet i ein jobb som i hovudsak handlar om analyse. Jobben er todelt, der eg både skal jobbe med analyse inn mot landslag, i tillegg til ein form for analyseforskning for å sjå på utviklinga av feltet, fortel Olsen.
Det er ingen tvil om at Sogndal har vore ein stor del av livet til Morten, og etter at han byrja som student, har livet handla om fotball i Sogn og Fjordane. Han fortel at det blir spesielt å reise frå klubben og bygda:
- Eg har vore i Sogndal i 12 år. Det har vore eitt langt liv i Sogndal og Sogn og Fjordane, der eg også var innom Florø i 2,5 år før eg kom tilbake til Sogndal. Det blir veldig rart å reise. Eg har fått eit tilbod som det er vanskeleg å takke nei til, og då har det blitt slik. Det er veldig, veldig spesielt, og rart, for det har vore ein stor del av livet mitt. Eg har vore student her i 6 år, og kjenner mange folk her. Sånn sett er det veldig rart, men no er den avgjersla tatt.
Han fortel vidare at han ikkje flyttar frå Sogndal endå, og at han kjem til å halde kontakten med mange av folka her:
- Eg flyttar ikkje endå, då det rett og slett ikkje blir tid til det. Det blir mykje reising no den fyrste perioden, og eg vil vere litt fram og tilbake til Sogndal mellom samlingar. Eg vil framleis halde kontakten med folk, men det blir litt annleis då eg ikkje lenger vil vere her i kvardagen. Ein treffast jo på vegen, men det blir litt rart å ikkje møtast dag til dag. Så er det fleire representantar frå klubben inne på tiltak, som gjer at ein kan møtast i slike samanhengar også, avsluttar han.
Det er fint å sjå at kompetansen i klubben held eit høgt nivå, og at våre eigne er ettertrakta på det aller øvste nivået. Sogndal Fotball skal også utvikle trenarar og andre funksjonar rundt spelarane, og Morten er eit eksempel på at ein kan ta store steg. No vil oppgåvene til Morten løysast internt i klubben, i tråd med fungerande handlingsplan.
- Når våre tilsette får moglegheit til å delta i nasjonale og internasjonale tiltak og oppgåver gjennom NFF, styrkar det vår kompetanse i klubb og gir oss verdifulle referansar både nasjonalt og internasjonalt. Dette bidreg direkte til utviklinga av klubben - både sportsleg og organisatorisk og ikkje minst evnar me å byggje eit nettverk på toppnivå på bakgrunn av dette. Morten Olsen er eit eksempel på dette. Me ønskjer han lykke til i ny jobb og takkar for bidraget, legg dagleg leiar Gisle Olsen til.
Me gratulerer så mykje med ein spennande jobb, og ønskjer masse lukke til med nye utfordringar!
STAO NO PAO!