Takk for innsatsen: Renze Fij

Keeperen tek med seg familien heim til Nederland og har spelt sin siste kamp for Sogndal

Sesongen er over, og me vil den neste tida takke av dei spelarane som har spelt sin siste kamp for klubben. Fyrst ut er Renze Fij.

Renze har vore Sogndalkeeper i 4 sesongar, men no er tida hans i Saftbygda over. Han signerte for klubben etter ein god sesong i Nest Sotra i 2019. I den fyrste sesongen spelte han alle 32 kampane, når me spelte oss heilt fram til finalen i kvalifiseringa på Intility. Det enda diverre med ein skikkeleg nedtur når opprykket rauk på overtid mot Mjøndalen.

IMG_2839.JPG
Foto: Martin Salbu

I 2021 var det sjukdom og problem med kroppen som prega starten av sesongen. Når han var tilbake på beina vart det allikevel 23 kampar frå juli og ut resten av sesongen. Her viste han seg som ein trygg og god sisteskanse, og vart også kåra til årets spelar frå supportarane. Etter to år i klubben signerte han ein ny avtale som strakk seg over to nye år.

I 2022 var det klart for trenarskifte og fleire endringar i spelartroppen. Renze vart då ein viktig kontinuitetsbærar, og ein av spelarane med mest rutine. Det vart berre 24 kampar grunna ein skade på slutten av sesongen, men også denne sesongen vart han kåra til årets spelar frå supportarane. Ein flott type både på og utanfor bana som har vore godt likt av både medspelarar og supportarar. Du kan sjå intervjuet med Renze under:


Årets sesong vart den siste på Fosshaugadn og no går turen heim til Nederland saman med familien. Me takkar Renze for innsatsen i Sogndal og ønskjer han masse lukke til vidare.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: