Takkar av etter sesongslutt

Eirik Bakke gir seg som hovudtrenar

Eirik Bakke har i dag informert om at dette blir hans siste sesong som hovudtrenar for Sogndal.



- Dette er ei totalvurdering ut i frå dei siste åra. Eg føler me har skapt noko bra her over tid, og eg likar det eg ser av det eg kom inn for – då med garderobekulturen og det som ligg der no til å ta vidare.

Med sju sesongar er han den lengstsitjande Sogndal-trenaren gjennom tidene.

Les også i Porten:  – Må sjå mot nye ting

- Eg må óg søka nye ting med nye utfordringar, seier Eirik, men er veldig tydeleg på at han har fullt fokus på Sogndal ut årets sesong.

Les også i Sogn Avis: – Det er godt å få dette ut av verda no

Med Eirik fekk me inn ei profesjonalisering av trenarteamet og hans største fokus var å bygga garderobekultur. Under dagens pressekonferanse delte han ut mykje ros både til spelarane og karane i støtteapparatet.

- Mitt fokus har alltid vore å få inn ein god garderobekultur, der eg kunne bygga vidare på erfaringane mine som spelar. No har me ei fantastisk spelargruppe. Dei er heil ved og gode førebilete. Og me har eit veldig godt trenarteam! Håvard Flo har vore ein veldig viktig støttespelar for meg, assistenttrenarane Marius Bøe og Rune Bolseth har lagt ned ein enorm jobb, fysio Sondre Jakobsen og Sondre Skrede på analyse i tillegg til på feltet, Geir Stenehjem har god kontroll på keeperane våre, og ikkje minst materialforvaltar Dag Martin Fardal.

- Av alle signeringane me har gjort desse åra, er Dag Martin den viktigaste. Han er klubben, seier Eirik.

No skal Eirik ha fullt fokus på laget ut sesongen, og målsetjinga er klar:

- Min store draum er å få avslutta med eit opprykk!

Også NRK var på dagens pressekonferanse

Annonse fra Obos-ligaen: