Tap etter sein scoring mot Lyn
Det såg lenge ut til å kunne bli eit poeng, men Lyn avgjorde kampen mot slutten A-laget
Det enda med eit nytt tap i dagens heimekamp mot Lyn. Etter nokre kampar med fleire baklengs har fokuset vore å stramme igjen. Det såg lenge bra ut defensivt, men 5 minutt før slutt kom baklengsmålet og Lyn stakk av med sigeren.
I fyrsteomgang vart det ingen mål sjølv om begge lag hadde sjansar til å få ballen i nettet. Diverre vart Emmanuel skadd, og etter berre 8 minutt på bana måtte han bytast ut. Det var Lyn som hadde mest ball, men me forsvarte eigen boks på ein god måte.
I andreomgang var kampbiletet det same, men i periodar skapte me nokre gode moglegheiter. Diverre var det igjen Lyn som var farlegast frampå, og 5 minutt før slutt kom ei fortent scoring. Jacob Hanstad fann Andreas Hellum som satte ballen i mål, og kampen var avgjort. Etter scoringa satte karadn inn ein sluttspurt, men kom aldri nærme nok til å få ei utlikning.
Då endar det diverre med eit nytt tap, og me kan ikkje anna enn å sjå framover til neste. Det var ein skuffa hovudtrenar me møtte etter kampen:
No ventar Sandnes Ulf på bortebane i neste kamp. Me treng verkeleg ein siger, og håpar på god støtte frå vår 12. mann. Saman skal me snu dette!
STAO NO PAO!