
Tap etter sjansesløseri og to overtidsmål mot Start
Karadn reiser heim frå Kristiansand utan poeng A-laget
Det såg lenge lyst ut, men enda på verst tenkeleg måte i Kristiansand. Etter at Edmund Baidoo sendte oss i føringa i fyrsteomgang utlikna Start på overtid av omgangen. I andreomgang hadde me mange sjansar til å avgjere, men istaden er det Start som scorar vinnarmålet 8 minutt på overtid.
Me fekk ein god start på kampen, og tok styringa på Sør Arena. Karadn kom til fleire gode sjansar og satte heimelaget på prøve i opninga av kampen. Etter 26 minutt spelt vann Oliver Hintsa ballen høgt i bana og spelte den vidare til Edmund Baidoo. Høgrekanten vår prøvde seg på avslutninga utanfor 16-meteren, og ballen sneik seg innanfor stengene. Fortent 1-0-leiing i Kristiansand.
Start var ikkje ufarlege, og satte Lars Jendal på prøve nokre gonger utover omgangen. På over overtid av fyrsteomgang gjekk det gale. Ein corner vart stanga langt ut frå Daniel Arrocha, og Start fekk angripe på ny. Faites Makosso banka til frå langt hald, Jendal måtte gi retur og Tom Strannegård reagerte raskast. Dermed stod det 1-1 til pause.
I andreomgang gira karadn opp og satte heimelaget under stort press. Store sjansar frå både Erik Flataker og Oliver Hintsa, samt innbyttarane Kasper Skaanes og Óskar Borgþórsson vart ikkje utnytta. Då gjekk det som det måtte gå til slutt. 8 minutt på overtid fann Start ein umarkert Eirik Schulze i boksen. Framfor mål var han sikker og satte inn sigersmålet.
Sjansesløseri og to overtidsmål gjorde dermed at det blei 0 poeng istaden for 3 på Sør Arena i kveld. Tusen takk til dei som tok turen for å støtta oss på bortefeltet! No gjeld det å nullstille for å slå tilbake mot Stabæk allereie på laurdag. Kampen har avspark klokka 16:00, og me håpar på god stemning på Fosshaugadn!
STAO NO PAO!